Hinduar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hinduar utfører ulike aktivitetar i eit hindutempel.
Foto: Brian Jeffery Beggerly
Dei 25 landa i verda med høgast del hinduar.

Hinduar er personar som på eitt eller anna vis føler seg som del av hinduismen. Enkelt sagt er det nesten alle frå det indiske subkontinentet og øyar i nærleiken, i tillegg til etterkomarane deira, så lenge dei ikkje reknar seg som del av ein annan religion, som islam, kristendommen, parsismen eller buddhismen.

Definisjonar[endre | endre wikiteksten]

Rettsleg definisjon[endre | endre wikiteksten]

Ein dom i den indiske høgsteretten i 1966 definerte ein hindu som ein som:

  • gjev Vedaskriftene den høgaste filosofiske og religiøse autoriteten
  • meiner at verda og menneska går gjennom syklusar, mellom anna gjennom reinkarnasjon
  • viser toleranse for andre trusretningar, ettersom sanninga har mange sider, og frelse kan finnast på mange ulike måtar
  • erkjenner at ein truande kan tilbe éin gud, mange, eller ingen
  • ikkje er fast bunden til noko særskild filosofisk syn

Denne definisjonen blei brukt då Swami Narayana-sekta ønskte å kalla seg ikkje-hinduar for å omgå ein lov som sa at alle skulle ha tilgang til hindutempel. Ifølgje denne definisjonen var dei likevel hinduar.

ISKCON-medlemmer i Italia.
Foto: Janak Rajani, 2003

Daglegdags definisjon[endre | endre wikiteksten]

For folk flest er «hindu» likevel berre noko ein er, fordi ein er fødd inn i ein hindufamilie. Det er ikkje vanleg å konvertera til religionen, ettersom hinduisk filosofi seier at kvar og ein må følgja den vegen til sanninga (Gud) han er fødd til. Samstundes finst også retningar som oppfordrar til konvertering, til dømes ISKCON (Hare Krishna-rørsla).

Utøving[endre | endre wikiteksten]

Hinduar kan følgja visse levereglar, som å eta lovleg mat, fasta, meditera og be, eller dei kan la det vera. Sjølv om ein bryt alle reglar, nedskrivne eller uskrivne, kan ein fortsatt rekna seg som hindu.

Kosthald[endre | endre wikiteksten]

Annaprashana, 'den første risen', ein matseremoni for småbarn.

Mat har stor tyding i hinduismen, der råvarer som frukt, mjølk og ris blir brukt både til dagleg og som del av seremoniar eller høgtider. Hinduar er kjende som vegetarar, sjølv om langt frå alle er det. Ei stor gruppe et aldri kjøt. Andre definerer visse typar kjøt, som fisk eller fugl, som «vegetariske», medan dei ikkje et andre typar, som kukjøt. Nokre følgjer den djainistiske modellen, og et berre plantedelar som ikkje inneber at dei vil drepa planten. Mange hinduar et vegetarisk mat på særskilde dagar, til ære for ein guddom, medan dei et kjøt elles.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Eit typisk trekk ved mange hinduar er at dei ber hinduiske pannemerke, prikkar eller strekar i ulike fargar. Desse blir ofte feilaktig kalla kastemerke. Merket kan brukast dagleg eller bli gjeven som ei signing etter ein særskild religiøs seremoni.

For mange hindukvinner er òg sarien eit viktig klesplagg som heng saman med religionen deira. Menn har i dag ikkje noko tilsvarande plagg med like stor utbreiing, men kan bruka særskilde sarongaktige plagg eller lendeklede i nokre religiøse samanhengar.

Prestar opptrer gjerne barbrysta, og dei som høyrer til brahminkasta har ein heilag tråd skrått over overkroppen. Heilage menn og kvinner (sannyasiar og sadhuar) kler seg gjerne i safranfarga eller raudlege tøystykke.

Vegen til Gud[endre | endre wikiteksten]

Ein hinduprest signer ein bil i Singapore. Han har vesjti om livet, heilag tråd over eine skuldra og langt, oppsett hår.
Foto: Meutia Chaerani / Indradi Soemardjan

Dersom ein vil vera ein god hindu, er det mange måtar å gjera det på. Ein kan gå heilt opp i arbeidet sitt, ettersom å tena samfunnet er å tena Gud. Mange hinduar held årlege seremoniar der dei signer verktøyet sitt, anten det er ein plog og ei sigd eller ein datamaskin. Nokre kvinner tilber mannen sin som ein gud. Ein kan òg gå i tempel, eller be heime dagleg. Dei som held til nær ei heilag elv eller innsjø kan gå dit for å finna ein særs heilag stad. For andre er kroppen det viktigaste tempelet, og dei driv med yoga eller meditasjon for å koma nærare sanninga.

Nokre hinduar, særleg dei som er litt eldre, vel å via seg fullt ut til religionen ved å bli sannyasi, ein slags tiggarmunkar og -nonner som ikkje skal eiga nokon ting, bortsett frå ei sterk tru. Ei anna måte å dyrka guddommen på, er å bruka musikk som ei form for bøn. Slik kan musikarar, dansarar og særleg songarar bli sett på som svært gudelege.

Ulike typar hinduar[endre | endre wikiteksten]

Det finst mange ulike grupperingar innan hinduismen, og hinduar er gjerne del i ei av dei, eller vel seg ein særskild guddom dei føler seg knytte til.

Dei to største grupperingane innan hinduismen er sjaivaene, som tilber Sjiva som hovudgud, og vaisjnavaene, som tilber Visjnu eller ein av avatarane hans. Rørsla som tilber Gudinna er òg stor. I tillegg finst ei rekke lokale guddommar som ein tilber i særskilde område.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]