Hindustanimusikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Døme på hindustanimusikk: Sitarimprovisasjon i ragaen kaush kanra.
Hindustaniensemble i 1983: Pandit Shivanath Mishra på sitar, Ustad Khadim Ali Khan på shanai og Pandit Prakash Maharaj på tabla.

Hindustanimusikk er den eine hovudforma av klassisk indisk musikk. Ho høyrer heime i Nord-India, Pakistan og Bangladesh og til ein viss grad Nepal og Afghanistan, typisk blant folk som talar indoariske språk. Den andre hovudforma er karnatisk musikk, og er vanleg i det dravidiske språkområdet. Musikktypane har felles utgangspunkt, men skilde lag då dei nordlege delane av Sør-Asia blei erobra av muslimar frå 1200-talet og hindustanimusikk tok opp i seg element frå persisk og arabisk musikk. Begge musikktypane byggjer på ragaer og talarytmar, og legg stor vekt på improvisasjon.

Dei vanlegaste instrumenta i hindustanimusikk er strengeinsturmenta sitar, sarod, sarangi og tamboura, blåseinstrumentet shehnai og trommesettet tabla. Hindustanisong har ofte eit religiøst innhald, både hinduisk og muslimsk. Tradisjonelt framfører utøvarar av musikken ofte musikk knytt til begge religionane.

Ravi Shankar, Ali Akbar Khan og Bismillah Khan er kjende moderne hindustanimusikkutøvarar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hindustanimusikk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Hindustani music» (2011). Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite. Chicago: Encyclopædia Britannica.
Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.