Hinteraudalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hinteraudalen (òg kalla Lafatschdalen) er ein dal i Tirol i Austerrike. I denne dalen ligg hovudkjeda i fjellkjeda Karwendel. Elva Isar har utspringet sitt ved Eiskarlspitze i denne dalen.

Mineral[endre | endre wikiteksten]

Det er funne bly og sink i kalkstein frå triastida i Hinteraudalen. Ein trur det er om lag 4 millionar tonn malmar med desse grunnstoffa i dette området. Området med desse minerala er om lag 7,5 km langt, og går frå Kastenalm i vest til Vomper Loch (òg kalla Brantlrinne) i aust. Tidlegare har det vore drive gruvearbeid i området, både aust for Kastenalm, sør for Hallerangeralm og i øvre Vomper Loch. Frå 1951 til 1954 gjekk det også ein stoll frå Kastenalm og sørvestover.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]