Hird

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For hird i samband med Nasjonal Samling, sjå Hirden.
Sigvat Thordarsson får eit sverd som hirdmann av Olav den heilage. Teikning av Christian Krohg frå 1899.

Hird (norrønt hirð)[1] vart i mellomalderen brukt som nemning på livvakta til norske og danske kongar eller stormenn. Sjølv om ordet «hird» vert nytta i soger om hendingar i vikingtida, har det truleg ikkje vore nytta før etter denne tida. Kong Knut den mektige sitt fylgje vart kalla «ting-hlíd», eit ord som truleg har liknande tyding. Ordet kjem av det norrøne hirð som igjen kjem frå det gamalengelske hir[e]d/heard/hird/hurd eller mellomaldertysk heirat, som båe tyder «flokk».

Hirda var hærfylgjet til stormenn og kongar (drottinn). Ein mann måtte friviljug underleggja seg hirdherren, sjølv om sogene ved mange høve fortel at alternativet kunne vera dauden. Opptak i hirda vart markert ved handgang, sverdtaking og truskapseider. Hirdmennene vart difor skildra som handgangne menn, eller sverdtakarar eller eidssvorne, og måtte sverja evig truskap til herren sin og lova å fylgja han i både krig og fred, og ofra livet for han om naudsynt.

Rangordning[endre | endre wikiteksten]

I høgmellomalderen var hirda strengt inndelt i klassar etter oppgåver, med forskjellig rett og rang.

Fremst blant hirdmennene var hertug og jarl. Så følgde lendmennene, som utgjorde det eigentlege toppsjiktet i hirda. Det var kongen som oppnemnde lendmenn, men i praksis vart lendmennene valde innan ein liten krets familiar, kjernen i ein norsk adel. Kong Magnus Lagabøte gav lendmennene retten til å kalle seg baronar. Nest lendmennene følgde skutilsveinane.

Under dette leiarsjiktet følgde meinige hirdmenn, og under dei i rang følgde vaktkorpset gjestene og kjertelsveinane som gjorde pasjeteneste.

Dei fremste i hirda var fødde inn i posisjonen dei fekk, vanlege hirdmenn valde kongen blant storbønder eller «gode ætter». Gjestene kunne bli rekrutterte blant vanlege folk.

Det høyrde til privilegia til hirda at dei kunne halde seg med eigne knektar eller sveinar. Velståande hirdmenn kunne ha fleire titals væpna sveinar i hushaldet sitt.

Vekst og fall[endre | endre wikiteksten]

Hirda voks fram i alt i vikingtida, då hovdingane kunne lønne følgjesveinane sine med krigsbytte. Først nytta kongen hirda til krigsteneste og politiarbeid. Hirda utvikla seg frå ei kongeleg vaktstyrke til ein statleg institusjon som overlevde kongeskifta. Då kongemakta voks fram i mellomalderen, fekk kongens hirdmenn forvalte kongsgardane som len.

Hirda gjekk i oppløysing i seinmellomalderen. Sidan kongen oppheldt seg meir utanlands, var det mindre trong for ein hirdorganisasjon, og sidan kongemakta fekk mindre inntekter, kunne ikkje kongsmakta underhalde så mange stormenn som i høgmellomalderen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «hird» i Nynorskordboka.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]