Hirden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Emblemet for Hirden, Nasjonal Samlings paramilitære organisasjon, viste ein solkross med to sverd i gult på raud botn
Vidkun Quisling, Nasjonal Samlings fører, og Oliver Møystad, hirdsjef og sjef for tryggingspolitiet, inspiserer Rikshirden. Mannskapa er blant anna uniformert med karakteristiske «tyskarhjelmar».
Foto: Riksarkivet (ukjent dato)

Hirden var ein ideologisk, paramilitær særogranisasjon i det norske nazistpartiet Nasjonal Samling frå 1934 til 1945. Hirden fungerte som partiet sine politiske troppar, tilsvarande dei tyske Sturmabteilungen. Organisasjonen bestod opphavleg av den aktive kjernen i partiet, men medlemskap i Hirden vart obligatorisk for alle NS-medlemmar i løpet av krigen. Det var til saman kring 8000 medlemmar i Hirden.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hirden vart danna i 1933 under namnet «spesialavdeling» og var ein frivillig organisasjon for medlemmar av Nasjonal Samling mellom 18 og 45 år. Hirdmannskapet vart offisielt definert som partiets «politiske og ideologiske soldatar», men fungerte hovudsakleg som vaktmannskap under politiske møte og talar, etter eit utal angrep frå og konfliktar med kommunistane og den dåverande arbeidarrørsla. Desse konfliktane var òg hovudgrunnlaget for å starta Hirden. Etter okkupasjonen fekk Hirden nye oppgåver og avdelingar. Hirdmedlemskap vart obligatorisk for unge, mannlege partimedlemmar frå 1941, og seinare for kvinner og eldre medlemmar òg, men ordninga vart ikkje heilt gjennomførd. Alle medlemmar bar uniform på arrangement og i medlemsteneste.

Omgrepet hird vart teke i bruk i 1934. Omgrepet var henta frå mellomalderen, då hirda utgjorde dei kongelege styresmaktene. Hirdmenn utgjorde i mellomalderen kongens vaktstyrke, og Hirden hadde tilsvarande oppgåver overfor Vidkun Quisling, som var leiar i partiet og i Hirden.

Hirden vart oppløyst ved frigjeringa i mai 1945, og mange medlemmar vart dømde i landssvikoppgjeret.

Oppbygging og oppgåver[endre | endre wikiteksten]

Hirden utgjorde NS sin aktivistiske kjerne og verka som ordensvern ved NS sine møte. Hirden skulle dessutan disiplinere og skolere medlemmane. Den andre leiaren for Hirden, den seinare høgesterettsadvokaten Johan Bernhard Hjort, var som skapt for denne oppgåva. Han hadde prøyssisk bakgrunn, sersjantutdanning frå forsvaret og stor naturleg autoritet. Hjort opna friskt eit møte for fleire tusen frammøtte på GjørvikKristi himmelfartsdag i 1936 med følgjande helsing: «Landsmenn, landsforrædere, apekattar og annet folk». Hjort kom snart på kant med Quisling og meldte seg ut av partiet i 1937.

Hirden var organisert i ein militær korpsstruktur med fleire forskjellige formasjonar på same måte som NDSAP sine paramilitære Sturmabteilungen. Organisasjonen fekk ytterlegare militært preg under 2. verdskrig, då ein mellom anna oppretta ein såkalla hirdmarine og flykorps for Hirden. Hirden fekk politimynde i mars 1941 og vart innlemma i det norske militærvesenet 14. august 1943.

Rikshirden med meir[endre | endre wikiteksten]

Rikshirden var den første formasjonen og den eigentlege Hirden, og dei fleste andre formasjonane gjekk ut frå denne. Omgrepet har elles etter krigen vorte nytta som eit fellesnamn på heile Hirden, Kvinnehirden og Ungdomsfylkingas hirdgrupper òg. Opphavleg omfatta Hirden berre hirdavdelingane som høyrde til Hirdstaben og Førargarden.

  • Rikshirden (1933–1945) var politisk ordensvern og hadde viktige propagandaoppgåver.
  • Førargarden (1942–1945) fungerte som personleg livvakt for Vidkun Quisling og paradeavdeling for partiet. Han var samansett av 150 handplukka frivillige. Livvakten var ei sjølvstendig eining direkte underlagt føraren og vart leia av sveitførar Per Carlsson (20. april 1942–1. april 1944), Sverre Henschien (1944–1945) og sveitførar Sophus Kahrs (februar–mai 1945).
  • Hirden sitt flykorps (1942–1945) vart stifta i mars 1942 som frivillig hjelpemannskap for det tyske flyvåpenet Luftwaffe. Korpset tilsvarte det tyske Nationalsozialistisches Flieger-Korps og tok sikte på å utdanne flygarar og flygarpersonell.
  • Hirdmarinen (1942–1943) skulle leggje grunnlaget for framtidas norske sjøforsvar.
  • Hirdens Alarmeiningar (HAE) (1943–1945) dreiv vakthald og hjelpte Statspolitiet som ein del av Den væpna makta i riket.
  • Hirdens Bedriftsvern (HBV) (1943–1945) var væpna styrkar som skulle verne industri og statsinstitusjonar mot sabotasje.

Enkelte hirdgrupper var ikkje direkte underlagt Rikshirden:

  • Kvinnehirden var partiets sanitetstropp og service-stab ved store arrangement. Kvinnehirda var eigentleg underlagt NS Kvinneorganisasjon (NSK) og hadde eigen landsleiar.
  • Germanske SS Norge (GSSN) (1941–1945) heite opphavleg Noregs SS og var Quisling sin vaktstyrke, men vart snart underlagt det tyske elitekorpset Allgemeine SS. Forutan GSSN var det også eigne norske avdelingar innanfor det stridande Waffen SS.
  • Småhird, Guttehird, Jentehird (skrive Gjentehirden) og Unghird var barne- og ungdomsorganisasjonar for born frå 10 til 18 år og underlagt NS Ungdomsfylking (NSUF).

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Hirden var organisert militært med Rikshirden øvst. Hirden hadde elles ein desentralisert struktur med regionale og lokale avdelingar med eigne hirdførarar.

  1. Førar for NS (Vidkun Quisling)
  2. Hirdsjefen og Rikshirdstaben
  3. Hirdfordelinga (Hirddivisjonen)
  4. Regimentet (3 fylkingar)
  5. Fylkingen (2–6 sveiter)
  6. Sveiten (inntil 4 troppar)
  7. Troppen (3 lag)
  8. Laget (10–12 mann)

Regiment[endre | endre wikiteksten]

Rikshirden var delt i sju regiment:

  1. Regiment Viken
  2. Regiment Eidsivating
  3. Regiment Hafrsfjord
  4. Regiment Gulating
  5. Regiment Frostating
  6. Regiment Haalogaland
  7. Regiment Viking

Landshirdsjefar[endre | endre wikiteksten]

Nasjonal Samling sin førar, Vidkun Quisling, var øvste hird-sjef. Elles var følgjande landshirdsjefar:

Uniform[endre | endre wikiteksten]

Frå mai 1933 vart det forbode med politiske uniformar i Noreg, men i april 1940 kravde Quisling dispensasjon frå uniformsforbodet, og då lova vart oppheva same hausten, tok Hirden til å bere uniform og opptredde i slutta formasjonar i nasjonalsosialistisk og militær tradisjon.

Hirduniforma var mørk gråblå, med sylinderforma skuggelue (kepi) og eventuelt ridestøvlar. Armbindet hadde solkross med sverd, som var hirdmerket. Quisling og andre i leiinga nytta ofte hirduniforma i staden for den grøne partiuniforma.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]