Hirdskrå

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hirdskrå (norr. hirðskrá) er ei norsk lovbok frå mellomalderen som regulerte tilhøvet mellom konge og hird, og omhandla elles dei ulike hirdmennene sine rettar og plikter, og dei ulike gjeremåla og tenestene deira.

Overlevering[endre | endre wikiteksten]

Hirdskråa er overlevert i eit titals norske og islandske handskrifter frå ca. 1300 til langt ut på 1700-talet. Blant dei eldste er det norske handskriftet Codex Tunsbergensis, som òg ser ut til å innehalda det eldste tekstlaget.

Lova finst berre overlevert i ein redaksjon som vart vedteken under kong Magnus Lagabøte. Dette skjedde sannsynlegvis ein gong mellom 1273 og 1277. Grunnlaget for dateringa er at tronfølgjelova av 1273 er sett inn i teksten, og mest alle handskrifta nyttar dei heimlege titlane lendmann og skutilsvein, som i 1277 vart avskaffa til fordel for dei meir europeiske titlane baron og riddar.

Den eldre Hirdskråa[endre | endre wikiteksten]

I Heimskringla står det at kong Olav Kyrre gav lover for hirda si. Kva lover dette var, og om dei vart skrivne ned, veit me ikkje.

I den overleverte redaksjonen av lova finst det fleire spor etter ein eldre redaksjon, fyrst og fremst ved tilvisingar til «den eldre Hirdskråa» (hin forna Hirðskrá). I forskinga har dette vore kopla saman med tilvisingar til birkebeinarane i teksta, og dette har danna grunnlaget for oppfatninga om at ei eldre Hirdskrå vart til under kong Sverre.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Hirdskråa er delt inn i tre "luter". Første luten inneheld ei kort innleiing og dinest tronfølgjelova av 1273, skipnader for korleis eit kongsemne skal takast til konge og dei eidane som skal seiast fram ved dette høvet. Så følgjer skipnader om dei som har titlar (nafnbœtr), t.d. jarlar og lendmenn.

Andre luten byrjar med ei morallære, som på Island vart kalla Hirdseder (Hirðsiðir). Denne morallæra tek utgangspunkt i dei sju dødssyndene, og fortel om kva desse syndene kan føra til. Vidare vert det gjeve råd om kva moralske dygder hirdmannen bør følgja for å unngå å falla i slike synder. Etter hirdsedene følgjer så skipnader for opptak av hirdmenn, rettar og plikter, ulike tenester som hirdmennene kan verta sette til, kva våpen ein hirdmann skal ha, korleis ein hirdmann skal forholda seg i ufredstider, korleis hærfang (krigsbytte) skal delast, og til slutt korleis usemje innan hirda og hirdmenns brotsverk skal handsamast, om rettargang og hirdstemne. Etter kapittelet om våpen er kong Magnus Lagabøte si rettarbot om sysselmenn skoten inn (kap. 36).

Tredje luten omhandlar gjester og kjertesveinar; korleis dei skal utnemnast og kva som er rettane og pliktane deira.

Heilt til slutt stadfester kong Magnus Lagabøte dei rettarbøtene som vart gjevne av Håkon Håkonsson, og gjev deretter sine eigne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Steinar Imsen 2000: Hirðskrá. Hirdloven til Norges konge og hans håndgangne menn. Oslo: Riksarkivet.
  • Børge Nordbø 2004: Hirðsiðir. Om tilhøvet mellom handskrifta av ei morallære frå 1200-talet. Magisteravhandling i norrøn filologi. Universitetet i Oslo.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]