Hirnantium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hirnantium er den sjuande og siste internasjonalt godkjende alderen i ordovicium i paleozoikum. Han var relativt kort, berre om lag 1,9 millionar år, og vart frå 445,6 ± 1,5 til 443,7 ± 1,5 millionar år sidan. Den første delen av hirantium vart det låge temperaturar og stor isbredanning, samt at havnivået fall kraftig. I den andre delen av hirantium steig temperaturane, isbreane smelta og havnivået kom tilbake til samen nivå, eller va litt høgare enn det hadde vore før istida.

Mange forskarar meiner at denne klimasvinginga førte til ei stor masseutrydding i denne tida. Den ordovikisk-siluriske masseutryddinga var den nest største utryddinga i geologisk historie og om lag 85 % av alle artar (sjødyr) døydde ut. Berre masseutryddinga mot slutten av permtida var større. I motsetnad til mange mindre masseutryddingar var dei langvarige konsekvensane av utryddinga på slutten av ordovicium relativt liten. Etter klimasvinginga gjekk klimaet tilbake til slik det hadde vore og dei artane som overlevde utvikla seg etter kvart til artar som likna dei som hadde eksistert før.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Ordovicium
Nedre/tidleg ordovicium Mellomordovicium Øvre/sein ordovicium
Tremadocium | Floium Dappingium | Darriwilium Sandbium | Katium
Hirnantium