Hiroshima

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hiroshima
Kveldssyn over Hiroshima frå eit lyntog. (Foto: Anders Pearson, 2003)
Kveldssyn over Hiroshima frå eit lyntog. (Foto: Anders Pearson, 2003)
Flagget til Hiroshima
Flagget til Hiroshima
Styresmakter
Land Japan
Borgarmeister Kazumi Matsui
Geografi
Flatevidd
 - By

905,01 km²
Innbyggjarar
 - By (2009)
   - folketettleik

1,173,980
  1,297.2/km²
Koordinatar 34°23′53″N 132°28′32″EKoordinatar: 34°23′53″N 132°28′32″E
Tidssone UTC + 9 (UTC+9)
Diverse anna
Heimeside: http://www.city.hiroshima.lg.jp/www/toppage/0000000000000/APM03000.html
Plassering
Plassering av  Hiroshima

Hiroshima er ein by på øya Honshû vest i Japan. Han er den største byen i Chugoku-regionen og hovudstad i Hiroshima-prefekturet. Byen er mest kjend for å vera den første staden ei atombombe blei brukt mot menneske, den 6. august 1945.

Hiroshima har 1 136 684 innbyggjarar (2003) og ei flatevidd på 741,63 km², slik at folketettleiken er 1532,44 personar per km².

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den gjenoppbygde Hiroshima-borga.

Byen blei grunnlagd i 1589 som hovudstaden til klanleiaren Mori Motonari. Under Meijitida blei han eit viktig bysenter.

Under den første sino-japanske krigen blei Hiroshima ein viktig base for det japanske militæret, noko han haldt fram med under andre verdskrigen. Han blei vald ut av amerikanarane som mål for den første atombomba brukt mot menneske som blei sluppen over byen den 6. august 1945. Eksplosjonen jamna størsteparten av byen med jorda og drap over ein tredjedel av dei 350 000 innbyggjarane før året var omme.

Atombombekuppelen. (Foto: Yasuhiro Arakawa, 2005)

Etter krigen blei Hiroshima bygd opp igjen. Den nye planen for byen inkluderte ein fredspark rundt Atombombekuppelen, ein av dei få bygningane som overlevde bombinga, og som er plassert på UNESCO si verdsarvliste.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kirsebærblomar over elva Kyobashi.

Hiroshima er kjend som «byen ved vatn». Han har kystline til innlandssjøen Seto, som skil dei tre japanske hovudøyane. Elva Ota har skapt deltaet byen ligg på, og deler han inn i seks øyer. Landet er svært flatt og såvidt over havnivå, men har nokre låge åsar i nord.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Bilfabrikanten Mazda er utan tvil den viktigaste verksemda i byen. Mange modellar som blir selde over heile verda blir produserte her.

Verd å vitja[endre | endre wikiteksten]

Tilreiing av okonomiyaki. (Foto: Dan Smith, 2004)
  • Byen har sin eigen mattradisjon, ein type okonomiyaki med yakisoba-nudlar som blir kalla «Hiroshima-yaki» eller «Hiroshima-pizza». Denne retten blir servert rykande fersk fleire stader i byen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hiroshima