Hirsch Glik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hirsch Glik

Minnesmerke over jødiske partisanar i Bat Yam med eit sitat av Glik.
Statsborgarskap Litauen, Sovjetunionen, Polen
Fødd 24. april 1922
Vilnius
Død

1944 (21 år)
Estland

Yrke lyrikar, skribent
Medlem av Fareynigte Partizaner Organizatsye
Hirsch Glik på Commons

Hirsch Glik (24. april 19221. januar 1944) var ein jiddischspråkleg diktar.

Glik var fødd i Vilnius i daverande Polen. Alt tidleg i ungdomstida skreiv han dikt. Etter at Hitler-Tyskland gjekk til åtak på Sovjetunionen, vart Glik arrestert av tyskarane og ført til konsentrasjonsleiren Waisse Wake og sidan til ghettoen i Vilnius. Der slutta han seg til partisanrørsla, og tok i 1942 del i ein oppstand i ghettoen. Han skreiv òg heile tida dikt og songtekstar, mellom dei den namngjetne partisansongen på jiddisch «Zóg nit kein mól», og «Shtil, di nakht iz oysgeshternt», som òg handlar om jødiske partisanar.

Glik skal ha vorte teken til fange av tyskarane i 1943 og ført til ein konsentrasjonsleir i Estland. Han skal så ha greidd å rømme frå leiren og ut i skogane i 1944, men skal så ha falle kort tid seinare i kamp mot tyske styrkar.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Lutz van Dijk: Der Partisan. Med eit etterord av Esther Bejarano «Poesie als Waffe»? Førsteutgåva frå Alibaba Verlag, Frankfurt/M 1991: C. Bertelsmann Jugendbuchverlag, nytt opplag utgitt i München 2002. ISBN 3-570-30049-8

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]