Hirvensalo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hirvensalo
Geografi
Stad Ved Åbo i Skjergardshavet
Koordinatar 60°24′N 22°13′E
Øygruppe Skjergardshavet

Administrasjon
Land Finland
Kommune Åbo

Demografi
Folketal 6 547 (2004)

Hirvensalo er ei øy i Skjergardshavet i Finland, som byen Åbo (Turku) delvis ligg på. Ho er delt inn i 14 distrikt, og dei størst er Moikoinen, Kukola og Haarla. Moikoinen er det viktgaste distriktet økonomisk sett med ein skule, butikkar, ei kyrkje og eit postkontor. Det totale innbyggjartalet på øya er 6 547 (2004).

Hirvensalo var tidlegare ein del av kommunen Maaria, før ho vart ein del av Åbo i 1944.