Hisingen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 57°46′0″N 11°53′0″E
Hisingen
øy
none  Eriksberg på nordsida av Göta älv der bustadområde har erstatta skipsverfta.
Eriksberg på nordsida av Göta älv der bustadområde har erstatta skipsverfta.
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Len Västra Götalands län
Kommune Göteborg kommun
stad Kattegat
 - koordinatar 57°46′0″N 11°53′0″E
Areal 198,84 km²
Folketal 125 000
Tettleik 628,14 / km²
Sweden Västra Götaland location map.svg
Locator Red.svg

Hisingen i Göteborg kommun i Västra Götalands län er den fjerde største øya i Sverige (etter Gotland, Öland og Orust). 3/4 tilhøyrer landskapet Bohuslän, 1/4 tilhøyrer landskapet Västergötland. I sør og aust renn Göta älv og på nordsida renner Nordre älv. I vest ligg Kattegat.

Øya har eit areal på 199 kvadratkilometer, og utgjer vel halvparten av arealet i Göteborg kommune, og hadde i 2008 ein fjerdedel av innbyggjarane til kommunen. Med eit innbyggertal på kring 125 000 er Hisingen den mest folkerike øya i Sverige.[1]

Göteborg City Airport ligg sentralt på øya.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I følgje Heimskringla spelte Olav Haraldsson og svenskekongen Olof Skötkonung terning om kven som skulle ha Hisingen i samband med fredsforhandlingar mellom dei to kongane i 1020. Trass i at svenskekongen trilla seks på begge terningane, vann Olav Hisingen for Noreg då den eine terningen delte seg då han kasta dobbelt seks, og han vart tilkjent 13 poeng. På 1200-talet mista Noreg to sokn på austsida av øya til Sverige, og riksgrensa mellom Noreg og Sverige gjekk i 400 år tvers over øya til Danmark-Noreg måtte avstå Hisingen og resten av Bohuslän til Sverige ved freden i Roskilde i 1658[2].

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Sven Bernhardsson: Hisingsbygd i förändring under 1800-1900 talet, Göteborg 2005
  • Björlanda socken genom tiderna. En bygdeskildring från Hisingen, Uppsala 1955
  • Ulla Wellin (red): En bok om Tuve, Göteborg 1966
  • Folke Eriksson: Lundby på Hisingen. Från istid till nutid, Göteborg 1994, ISBN 91-7029-161-6
  • Folke Eriksson: Tuve. En promenad i dess historia, Kungälv 1983
  • Göte Kildén: Hisingens historiska marker, Göteborg 2002, ISBN 91-971440-0-2
  • Stina Andersson m.fl: Lundby. Från bondby till industristadsdel, Göteborg 1982, ISBN 91-85488-38-0
  • Kerstin Lychou: Backa socken. Återblickar, Göteborg 1998, ISBN 91-7029-368-6
  • Peter Magnus Rydholm: Anteckningar ur Lundby historia, Göteborg 1926
  • Ralph Scander: Karl IX:s Göteborg på Hisingen. En holländsk koloni med svenskt medborgarskap, i Göteborg förr och nu, Göteborgs hembygdsförbunds skriftserie nr 10, Göteborg 1975
  • Torslanda. En sockenskildring, Torslanda 1956
  • Natur och folk i Backa på Hisingen, Backa hembygdsförening, Hisings-Backa 1998
  • Werner Wessberg Västra Hisingen. En bygd i förvandling, Torslanda 1995

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Befolkningsstatistikk Gøteborg kommune
  2. Bohusläns historie på tacitus.no