Hispaniolaparakitt
| Hispaniolaparakitt | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Psittaciformes | |
| Familie: | Psittacidae | |
| Slekt: | Aratinga | |
| Vitskapleg namn | ||
| Aratinga chloroptera | ||
| Hispaniolaparakitt | |
| Namn på andre språk | |
|---|---|
| Engelsk | Hispaniolan Parakeet |
| Tysk | Haitisittich |
| Fransk | Conure maîtresse |
| Spansk | Perico de la Española |
| Russisk | Gaitijskaja aratinga (Гаитийская аратинга) |
Hispaniolaparakitten (Aratinga chloroptera) er ein papegøyefugl i parakittfamilien. Han er stadeigen for øya Hispaniola (Haiti og Den dominikanske republikken). Det finst likevel også individ som er sleppte fri i Guadeloupe, Puerto Rico og i Miami i Florida, der dei nokre gonger parar seg med kanarivengeparakittar.
Fuglen er ein mellomstor parakitt som er jamleg grønfarga, har ein lang, spiss hale, bleikt nebb og bleike føter, kvite augeringar og eit raudt felt ved leddområdet på vengene. Kjønna er like og hispaniolaparakitten er eit flokkdyr som gjerne dannar flokkar med eit 20–30-tals individ i. Den einaste like arten i området er mayaparakitten, som han enkelt kan skiljast frå fordi denne har blå vengefelt i staden for raude.
Det naturlege habitatet til fuglen er subtropiske eller tørre tropiske skogar, subtropiske eller fuktige tropiske skogar i låglandet, subtropiske eller fuktige tropiske fjellområde og dyrka mark. Like fullt finst det bestandar som lever i urbane område, som den i Santo Domingo, som er aukande. Han er, til liks med mange andre parakittartar, truga av habitattap og ulovleg fanging med kjæledyrmarknaden som mål.
Kjelder [endre]
- «Hispaniolan Parakeet» på Wikipedia på engelsk, innhenta 13. mai 2011.
Bakgrunnsstoff [endre]
- «Hispaniolan Parakeet - BirdLife Species Factsheet» hjå BirdLife International.
- «Estudio de Aves Dominicanas Comunes».
- Videoar, bilete og lydfiler med hispaniolaparakitt.