Historia til Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Historia til Eurovision Song Contest starta då Marcel Bezençon fekk ein idé i 1955, basert på italienske Festival della Canzone Italiana di Sanremo.

Den fyrste tevlinga fann stad 24. mai 1956 i den sveitsiske byen Lugano, der sju land deltok. Sidan den gong har fleire land delteke og på slutten av 90-talet har opp imot 40 land vore med samstundes. Det var slutten på den kalde kringen som fekk antalet deltakarland til å stige, då fleire og fleire austblokkland ville vere med. Dette fortsette fram til 2005, då Bulgaria og Moldova vart dei siste austblokklanda som meldte seg på.

Liechtenstein, Vatikanstaten og Kosovo er dei einaste europeiske landa som ikkje har delteke. I tillegg har ei rekkje ikkje-europeiske land delteke i tevlinga, mellom anna Israel og Marokko.

Tevlingshistorie[endre | endre wikiteksten]

# Finale-
dato
År Kring-
kastar
Arena By Land Vinnar
01 24. mai 1956 SSR Teatro Kursaal Lugano 7 Sveits
02 3. mars 1957 ARD Großer Sendesaal des
hessischen Rundfunks
Frankfurt am Main 10 Nederland
03 12. mars 1958 NTS AVRO Studio Hilversum 10 Frankrike
04 11. mars 1959 RTF Palais des Festivals Cannes 11 Nederland
05 25. mars 1960 BBC Royal Festival Hall London 13 Frankrike
06 18. mars 1961 RTF Palais des Festivals Cannes 16 Luxembourg
07 18. mars 1962 CLT Villa Louvigny Luxembourg 16 Frankrike
08 23. mars 1963 BBC BBC Television Centre London 16 Danmark
09 21. mars 1964 DR Tivoli Concert Hall København 16 Italia
10 20. mars 1965 RAI RAI Television Centre Napoli 18 Luxembourg
11 5. mars 1966 CLT Villa Louvigny Luxembourg 18 Austerrike
12 8. april 1967 ORF Hofburg Imperial Palace Wien 17 Storbritannia
13 6. april 1968 BBC Royal Albert Hall London 17 Spania
14 29. mars 1969 TVE Teatro Real Madrid 16 Frankrike
Nederland
Spania
Storbritannia
15 21. mars 1970 NOS RAI Congrescentrum Amsterdam 12 Irland
16 3. april 1971 RTÉ Gaiety Theatre Dublin 18 Monaco
17 25. mars 1972 BBC Usher Hall Edinburgh 18 Luxembourg
18 7. april 1973 CLT Nouveau Théâtre Luxembourg Luxembourg 17 Luxembourg
19 6. april 1974 BBC Brighton Dome Brighton 17 Sverige
20 22. mars 1975 SR Sankt Eriks-Mässan Stockholm 19 Nederland
21 3. april 1976 NOS Congresgebouw Haag 18 Storbritannia
22 7. mai 1977 BBC Wembley Conference Centre London 18 Frankrike
23 22. april 1978 TF1 Palais des Congrès Paris 20 Israel
24 31. mars 1979 IBA Merkaz HaKongresim
HaBeinLeumi
Jerusalem 19 Israel
25 19. april 1980 NOS Congresgebouw Haag 19 Irland
26 4. april 1981 RTÉ Royal Dublin Society Dublin 20 Storbritannia
27 24. april 1982 BBC Harrogate International Centre Harrogate 18 Vest-Tyskland
28 23. april 1983 ARD Rudi-Sedlmayer-Halle München 20 Luxembourg
29 5. mai 1984 CLT Théâtre Municipal Luxembourg 19 Sverige
30 4. mai 1985 SVT Scandinavium Göteborg 19 Noreg
31 3. mai 1986 NRK Grieghallen Bergen 20 Belgia
32 9. mai 1987 RTBF Centenary Palace Brussel 22 Irland
33 30. april 1988 RTÉ Royal Dublin Society Dublin 21 Sveits
34 6. mai 1989 SSR Palais de Beaulieu Lausanne 22 Jugoslavia
35 5. mai 1990 JRT Koncertna dvorana
Vatroslav Lisinski
Zagreb 22 Italia
36 4. mai 1991 RAI Studio 15 di Cinecittà Roma 22 Sverige
37 9. mai 1992 SVT Malmö Isstadion Malmö 23 Irland
38 15. mai 1993 RTÉ Green Glens Arena Millstreet 25 Irland
39 1. mai 1994 RTÉ Point Depot Dublin 25 Irland
40 13. mai 1995 RTÉ Point Depot Dublin 23 Noreg
41 18. mai 1996 NRK Oslo Spektrum Oslo 23 Irland
42 3. mai 1997 RTÉ Point Depot Dublin 25 Storbritannia
43 9. mai 1998 BBC National Indoor Arena Birmingham 25 Israel
44 29. mai 1999 IBA Merkaz HaKongresim
HaBeinLeumi
Jerusalem 23 Sverige
45 13. mai 2000 SVT Globen Stockholm 24 Danmark
46 12. mai 2001 DR Parken København 23 Estland
47 25. mai 2002 ETV Saku Suurhall Tallinn 24 Latvia
48 24. mai 2003 LTV Olimpiskā Skonto halle Riga 26 Tyrkia
49 15. mai 2004 TRT Abdi İpekçi Arena Istanbul 36 Ukraina
50 21. mai 2005 NTU Kyivskyi Palats Sportu Kiev 39 Hellas
51 20. mai 2006 ERT Olymbiakό Kleistό Gymnastírio Aten 37 Finland
52 12. mai 2007 YLE Hartwall-areena Helsingfors 42 Serbia
53 24. mai 2008 RTS Beogradska arena Beograd 43 Russland
54 16. mai 2009 C1R Olimpijskij Moskva 42 Noreg
55 29. mai 2010 NRK Telenor Arena Bærum 39 Tyskland
56 14. mai 2011 NDR Düsseldorf Arena Düsseldorf 43 Aserbajdsjan
57 26. mai 2012 İTV Bakı Kristal Zalı Baku 42 Sverige
58 18. mai 2013 SVT Malmö Arena Malmö 42[1]

Etter år[endre | endre wikiteksten]

1956[endre | endre wikiteksten]

Eurovision Song Contest 1956 i Lugano i Sveits var den fyrste utgåva av tevlinga. Nederland, Sveits, Belgia, Vest-Tyskland, Frankrike, Luxembourg og Italia deltok med to songar kvar. Austerrike, Danmark og Storbritannia fekk ikkje vere med av di dei melte seg på for seint. Vinnaren var Sveits med «Refrain» av Lys Assia, røysta fram av ein jury bestående av to delegatar frå alle deltagerlanda, med unntak av Luxembourg, som lét delegatane frå Sveits røyste for seg. Dette vart stadfesta av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Jurymedlemmane stod fritt til å røyste på dei songane dei likte best, òg songar frå sitt eige land. Røystegjevinga til juryen vart aldri presentert i programmet; ein talsmann kunngjorde ganske enkelt at Sveits hadde vunne. Det finst berre radioopptak av tevlinga, sjølv om det var fjernsynskameraer tilstade. Tevlinga varte i éin time og 40 minutt.[2]

1957[endre | endre wikiteksten]

Eurovision Song Contest 1957 i Frankfurt am Main i Vest-Tyskland var den andre utgåva av tevlinga. Vest-Tyskland vart valt som vertsland av di sedvanen der vinnaren tar på seg arrangementet året etter ikkje var skipa på dette tidspunktet. I staden var det meininga at arrangementet skulle gå på rundgang mellom landa, men ettersom stadig fleire land meldte seg på tevlinga, vart ei slik ordning upraktisk. Storbritannia, Austerrike og Danmark deltok i tevlinga for fyrste gong. Vinnaren var Nederland med «Net als toen» av Corry Brokken, røysta fram av ti jurymedlemmar frå kvart deltakarland. Jurymedlemmane kunne ikkje røyste på sitt eige land og resultata vart offentleggjort til slutt. Kvart land deltok berre med éin song kvar, noko som har vorte gjort sidan. Det var stort sprik i lengda på dei ulike bidraga til landa. Ytterpunkta var det italienske og britiske bidraget som varte i høvesvis fem minutt og ni sekund og eitt minutt og 52 sekund. Reglane antyda at bidraga ikkje burde overskride tre minutt. Italia vart likevel ikkje diskvalifisert, trass sterke protestar. Då Birthe Wilke og Gustav Winckler hadde sunge songen «Skibet skal sejle i nat», tungekyssa dei i heile elleve sekund, noko som er veldeg lenge for ein direktesending.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]