Historisk geologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Historisk geologi er eit fagfelt som nyttar prinsippa innan geologi til å forstå og rekonstruere historia til jorda

Det fokuserer på geologiske prosessar som endrar jordskorpa til jorda og nyttar stratigrafi, strukturgeologi og paleontologi til å fortelje rekkefølgja til desse hendingane. Ein fokuserer òg på evolusjonen til planter og dyr i forskjellige tidsperiodar på geologisk tidsskala. Oppdaginga av radioaktivitet og utviklinga av forskjellige radiometriske dateringar på første halvdel av 1900-talet gjorde at ein kunne finne absolutte og relative aldrar i den geologiske historia.

Økonomisk geologi, som er leitinga og utvinninga av energi og råmaterial, er særs avhengig av å forstå den geologiske historia i eit område. Miljøgeologi, inkludert dei viktigaste geologiske farane som jordskjelv og vulkanisme må òg ha detaljert kjennskap til geologisk historie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]