Hiv/aids i Afrika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hiv/aids har lenge vore eit stort problem i Afrika.

Byrjing[endre | endre wikiteksten]

En utbreidd teori går ut på at hiv opphavleg kjem frå Vest-Afrika (Aase 2004), kontinentet har såleis ei relativt lang historie med viruset og aids-sjukdomen som fylgjer med. Aids vart først diagnostisert i 1981, og hiv identifisert i 1984. Sidan vart sjukdomen i Afrika først oppdaga i Uganda på byrjinga av 1980-talet, der han allereie i 1986 vart erklært ein nasjonal katastrofe. (Aase 2004). Sidan då har meir enn 20 millionar menneske døydd av sjukdomen (UNAIDS 2002), over 75 % av desse afrikanarar (UNAIDS 2003a). Berre i 2004 tok aids truleg livet til om lag 2,3 millionar menneske i Afrika sør for Sahara (ASS) (UNAIDS 2004). Dette er i sterk kontrast til dei 25 000 ofra frå høginntektsland som hadde døydd av sjukdomen fram til 2002 (Piot 2002).

Situasjonen i dag[endre | endre wikiteksten]

Figur 1: Utbreiing av aids i Afrika, i 1999/2000/2001

I oppdateringa om aids-situasjonen i verda for 2004, estimerer UNAIDS (2004) at av dei 39,4 millionar hiv-smitta barn og vaksne i verda bur om lag 25,4 millionar i ASS. Dette gjev ein hiv-smitteprevalens for vaksne på om lag 7,4 %. I resten av verda er det berre karibien med om lag 2,3 % som har over 1 % smitta vaksen befolkning. Berre i 2004 reknar ein med at 3,1 millionar menneske i ASS vart smitta (UNAIDS 2004).

Som ein kan sjå frå figur 1, er det i det sørlege Afrika at situasjonen er verst. I denne delen har det eksplodert dei siste 5-10 åra, noko ein kan sjå ved å samanlikne med kart frå aidsinafrica.net. Det er også utelukkande i land i det sørlege Afrika at meir enn 20 % av befolkninga er smitta (sjå tabell 1). I Swaziland er meir enn kvar tredje vaksen smitta. Sidan hiv-smitte nesten alltid fører til død innan 10 år så lenge ein ikkje får behandling, er det ikkje vanskeleg å skjønne at det er venta at innbyggjartalet innan få år vil byrje å falle (UN 2003). For storparten av Afrika er heldigvis ikkje stoda så alvorleg, og for Afrika over det heile vil aids «berre» dempe folkeveksten. Det er følgjeleg venta at befolkninga i ASS kjem til å vera 21 % lågare i 2025 enn den ville vore utan aids (UN 2003).

Skiljet mellom den sørlege delen og resten av Afrika er ikkje eit økonomisk skilje, ein kan ikkje sette noko direkte samanheng mellom betre økonomi og meir hiv-prevalens. Det er derimot andre skilje som viser seg.

Det er stor forskjell mellom det muslimske Nord-Afrika (0,1-0,3 % hiv-prevalens) og ASS (7,5 % hiv-prevalens). Eit liknande skilje er det i Sudan mellom det muslimske nord og det kristne sør. Undersøkingar i Senegal og Elfenbeinskysten har også vist at det er liknande ulikheiter mellom muslimske og ikkjemuslimske befolkningar. (Aase 2004). Ein av grunnane til dette skal vera at omskjering av menn, som er vanleg innan muslimsk kultur, hindrar hiv-smitte. Dette er imidlertidig omstridd (Johwa 2003, Quinn m. fl. 2000, Shelton 2002), og det er sannsynleg at også kulturen/religionen i seg sjølv har betydning. Noko som betyr at islamsk kultur har sterkare sanksjonar mot utanomekteskapleg sex.

Land Hiv-prevalens vaksne
Swaziland 38,8 %
Botswana 37,3 %
Lesotho 28,9 %
Zimbabwe 24,6 %
Sør-Afrika 21,5 %
Namibia 21,3 %
Tabell 1: Land med over 20 % hiv-smitta vaksen befolkning, 2003. Frå UNAIDS 2004b.

Det er vanskeleg å sjå noko skilje mellom urbane og rurale område, dette varierer mykje frå land til land. UNAIDS (2002) sine undersøkingar av kvinner som kjem på svangerskapsundersøking viser t.d. at i Lesotho er det mykje større hiv-prevalens blant urbane gravide (42,2 %) enn blant rurale (19 %), i DR Kongo derimot er situasjonen omvendt (4,1 % og 8,5 %), og i Sør-Afrika er det nesten ingen skilnad (24,3 % og 22,9 %).

Den same rapporten viser også at den gruppa som klart utmerkar seg er prostituerte. Hiv-prevalens for urbane kvinnelege prostituerte ligg langt over landsgjennomsnittet og er som oftast frå 10-40 % og heilt opp mot 86 % (Zimbabwe).

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnen for at akkurat ASS har så stor prevalens av hiv er samansett. Det er til dømes sannsynleg at hiv kjem frå Afrika og i mange år vart spreidd utan at ein visste om viruset. I tillegg kjem det at Afrika er eit fattig kontinent der dei ulike landa ikkje har så mykje ressursar å setta inn når ein først veit om sjukdomen, verken menneskelege (og intellektuelle) eller økonomiske. Dette er likevel ikkje dei grunnane som Caldwell (2000) er oppteken av. I sin «Rethinking the African AIDS Epidemic» nemner han seks viktige faktorar som bidreg til epidemien i ASS: (1) mykje sex utanfor ekteskapet; (2) mykje prostitusjon pga. mangel på koner eller seksuelt tilgjengelege koner, mobil befolkning (t.d. arbeidsmigrasjon) og overskot av menn i urbane område; (3) mykje andre kjønnssjukdomar som resultat, noko som fører til større sjanse for å bli smitta; (4) at kjønnssjukdomar ikkje blir behandla pga. fattigdom og verdas dårlegaste helsesystem; (5) lite bruk av kondom, t.o.m. innan kommersiell sex; og til slutt (6) lite praktisering av mannleg omskjering (Caldwell 2000:120).

Den kulturelle bakgrunnen for dette skal vera «men's perceived need for sexual relations with more than one woman [...] implied by the centrality of polygyny as a social institution» og «women's limited control over their sexual activity» (Caldwell 2000:119). Den afrikanske kulturen skal ha større rom for utanomekteskapleg sex sjølv om dette ikkje er velsigna av, men heller tona ned av kyrkja. Polygami i seg sjølv er ein faktor ettersom det fører til sex med fleire partnerar. Mykje meir enn 40 % av kvinner i Vest- og Sentral-Afrika kjem til å vera i eit slikt ekteskap i løpet av livet sitt (Caldwell 2000:125). I Malawi har ein tradisjonar i forbinding med overgangsriter der unge jenter blir innvia til vaksentilværet m.a. gjennom sex med såkalla «hyenar» som er eldre menn. Det er også fleire eksempel på mytar som er «direkte hiv-smittande», ein av dei vanlegaste er den om at sex med ei jomfru helbredar sjukdomen. (Aase 2004).

Sex og dermed aids er også emne det ikkje blir snakka ope om, det er mykje overtru i samband med sjukdomen. Problemet er bra illustrert av erfaringar i Sør-Afrika der mødre som kom med døtrene sine til klinikkar for familieplanlegging for å få informasjon om aids ikkje hadde forklart døtrene sine kvifor, og i nokon tilfelle ikkje klarte å forklare dette til klinikken heller! (Caldwell 2000). I ei nigeriansk undersøking fann ein at dei fleste meinte at aids er annleis enn andre sjukdomar mykje pga. at den «was caused by malevolent forces or was a divine punishment» (Caldwell 2000:125). Dette kan setjast i samanheng med eit generelt deterministisk livssyn, der døden er forutbestemt (Caldwell 2000): er det av aids ein skal døy så er det ikkje så mykje ein kan gjera med det.

Arbeid mot hiv/aids[endre | endre wikiteksten]

Bruk av kondom[endre | endre wikiteksten]

Kondomar blir i dag rekna for det fremste våpenet i kampen mot aids og andre kjønnssjukdommar. I ein region der 40 % av befolkninga er kristne (Martin 2002, Adherents.com 2004) er det difor mange som meiner det er spesielt farleg når den katolske kyrkja forbyr bruk av kondom. Erkebiskopen av Nairobi meiner til dømes at kondomar fremjer hiv-spreiing. Eit av argumenta til dei katolske kondommotstandarane er at fremjing av kondombruk gjev eit inntrykk av at seksualitet utanfor ekteskapet er ufarleg dersom ein brukar kondom, og at dette leier til auka risikoåtferd. Avhengig om dei blir brukte riktig er kondomane 80-98 % sikre, og kyrkja ser difor ein strengare seksualmoral som det beste verkemiddel. Den katolske kyrkja vert og skulda for å drive det ein kan kalle anti-opplysningskampanjar. Det skal vera eksempel på prestar som påstår at kondomar er belagt med hiv-viruset (Gould 2003, BBC 2003). Afrika er det kontinentet med klart høgast hiv-prevalens og klart lågast bruk av kondom (1,3 % (tal frå 1999, prosent gifte kvinner i fruktbar alder som brukar kondom)) (UN 2004). Det vert hevda at den katolske kyrkja er eit av dei største hinder i kampanjen for bruk av kondomar. Samstundes er det i land i det sørlege Afrika, der den katolske kyrkja står svakt, at hiv-prevalensen er høgast; i t.d. Uganda, der kyrkja er sterkare, har hiv-prevalensen gått nedover i dei seinaste åra. I Sør-Afrika har dei katolske biskopane tillate at gifte par brukar kondom om den eine er hiv-smitta.

Styresmaktene sin innsats[endre | endre wikiteksten]

Dei hardt ramma befolkningane har heller ikkje lagt press på styresmakter for å prioritere kamp mot aids. Dette er kanskje pga. frykta for å snakke om aids, og særleg frykta for sjølv å innrømme å vera hiv-smitta. Slik kan også styresmakter frykte for å «snakke» om hiv/aids av di dei er redde for å få meir negativ enn positiv merksemd. (Caldwell 2000). Sjølv med innsats frå myndigheitene si side vil ASS-statane vera hindra av dei same problema som hindrar dei innan annan utvikling også, nemleg korrupsjon, fattigdom, dårleg infrastruktur og eit veldig dårleg helsevesen.

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Utviklinga og stoda er ikkje lik over heile Afrika, og det er lyspunkt. Styresmaktene i Senegal og særleg Uganda har teke sjukdomen alvorleg og kan visa til gode resultat. I Uganda har t.d. hiv-prevalens for gravide kvinner i Kampala sokke frå ein topp på 30 % til 8 % i 2002, medan nivået er forholdsvis stabilt i andre afrikanske byar. Liknande endringar ser ein rundt om i Uganda og tosifra prevalens har vorte sjeldan. (UNAIDS 2003b). På den andre sida har Uganda allereie mista 10 % av befolkninga og 5 % er framleis smitta (Caldwell 2000).

Slik som Uganda var Senegal raske til å reagere og har klart å halda hiv-prevalens under 1 %. Det er også eit av få land i ASS som har betydlege ordningar for behandling av hiv-smitta med medisinar som hindrar at hiv går over i aids, såkalla antiretroviral terapi (UNAIDS 2003a).

For ASS over det heile derimot ser det ikkje ut til at epidemien er på tilbakegang (UNAIDS 2003b). Samtidig har nok innsatsen mot aids aldri vore større, og ettersom verknadene av epidemien blir tydelege, og folk får erfaring med bruk av kondom, kan ein håpe at epidemien går mot ein knekk dei næraste åra, både i ASS og resten av verda. Merksemda epidemien vart gjeven i Sør-Afrika under siste val er eit godt teikn på at aids blir teke alvorleg. Det er også håp for at fleire afrikanarar kan dra nytte av antiretroviral terapi som kan dempe effekten av epidemien. Særleg medisin for å hindre smitte frå mor til barn ved fødsel er i denne samanhengen viktig. Til slutt kan ein håpe på at forsøk med vaksiner i til dømes Malawi (Banda 2004) vil bera frukter i framtida.

Inntil då vil det viktigaste arbeidet handla om å hindra spreiing av hiv, med kondom som det viktigaste våpenet. For å få folk til å bruka kondom må ein endre haldningane til sex og kondombruk og innrømme kor stort omfang epidemien har. Når t.d. ungdom er svært utsett for å bli smitta frå sex, må både foreldre, kyrkjelege organisasjonar og stat innsjå at også denne gruppa treng kunnskap om og tilgang til kondomar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]