Hizbollah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hizbollah (arabisk ‮حزب الله‬, 'partiet åt Gud (Allah)'), er ei sjiamuslimsk gruppering med ein militær og ein politisk del. Hizbollah (òg skrive Hezbollah eller Hizballah) vart grunnlagd i 1982 for å kjempa mot Israel sin okkupasjon av sørlege delar av Libanon. Israel okkuperte ei tid ein såkalla tryggingssone sør i Libanon. Hizbollah er i Libanon eit politisk parti, som har representantar i regjeringa. Samstundes er det ei geriljagruppe eller milits. Sommaren 2006 gjekk Israel til åtak på Libanon, med mål om å minska Hizbollah si slagkraft. Hizbollah hadde skote rakettar mot byar i Israel. Hizbollah er rekna å ha tette band til Syria og Iran.

I store delar av arabiske land og folk med islamsk tru, vert Hizbollah sett på som ein legitim militant, sjiamuslimsk politisk organisasjon. Til dels vert dei sett på som ei frigjeringsrørsle. Mellom anna styresmaktene i Israel, USA, Storbritannia og Australia har utpeika gruppa som ein islamistisk terroristorganisasjon.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Hizbollah vart grunnlagd i 1982 som ei geriljagruppe av libanesiske prestar, med finansiering og stønad frå Iran. Eit mål var å driva Israelske styrkar ut av Libanon. Eit anna mål kunne vera at Iran ville nytta Hizbollah til å spreia den iranske revolusjonen til andre delar av arabarverda. Hizbollah har bygd opp væpna styrkar, ein milits. Etter at israelske styrkar i mai 2000 drog seg ut av Libanon, heldt Hizbollah fram med å kjempa mot okkupasjonen av Sheba-området. SN ser på Sheba-området som syrisk territorium, Hizbollah meiner det er libanesisk. Syria har sagt att Sheba-området tillhøyrer Libanon men har ikkje skriftleg gjeve melding som dette til SN, trass i oppmoding. Sheba-området vart okkupert av Israel i løpet av seksdagarskrigen.

Hizbollah si væpna grein vert mistenkt for å stå bak bombeåtak mot fredsbevarande styrkar i løpet av den libanesiske borgarkrigen, bombinga av den israelske ambassaden i Buenos Aires og flykapringa av TWA Flight 847 den 14. juni 1985.

På sida av den militære rørsla har Hizbollah ei sivil grein, som driv med ulike former for sosial verksemd. Det vert drive sjukehus, skular, barneheimar og ein fjernsynsstasjon. Den politiske delen av Hizbollah har åtte representantar i det libanesiske parlamentet. Politisk er oppslutnaden sterkast i Bekaadalen, i sørlege utkantar av Beirut og sørlege Libanon. Organisasjonen vert leia av sjeik Hassan Nasrallah, med finansiering frå Iran og Syria. Elles kjem det inn gåver og innkomer gjennom forretningsverksemd. Frå 12. juli 2006 sette Israel i verk Operasjon Sommarregn, med flybombing og åtak på sørlege delar av Libanon. Det erklærte målet med operasjonen var å avvæpna Hizbollah, og få slutt på åtak på Israel frå Libanon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hizbollah