Hjørundfjord
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hjørundfjord er ein fjordarm av Storfjorden i kommunane Ørsta og Sykkylven på Sunnmøre. Han er 33 kilometer lang og vert av mange rekna som ein av dei vakraste fjordane i verda. Dette fordi den er omkransa av ei mengd spisse tindar på begge sidene. Fjella rundt Hjørundfjorden er Sunnmørsalpane sitt kjerneområde.
Fjorden har innløp mellom Vindsneset ved Festøya i vest og Kurset i aust. Mellom Festøya og Hundeidvik går det ferjesamband. Båt går det òg frå Store Standal til Midt-Trandal på andre sida, og frå her vidare sørover til Sæbø på vestsida. Frå Sæbø går båten vidare over til Leknes på andre sida og frå her sørover til den isolerte grenda Skår på vestsida. Ved Leknes går Norangsfjorden austover. Vidare sørover vert Hjørundfjorden òg kalla Storfjorden. Inst i fjorden ligg grenda Bjørke.
Ytst i nord er fjorden 2,5 kilometer brei og smalnar mot fjordbotnane. På det djupaste er han 441 meter, målt sør for Stavset og 440 meter utanfor Molaupen. Ytst er han om lag 400 meter djup og inne ved Viddal rundt 220 meter.
Hjørundfjorden var før 1964 eigen kommune fram til samanslåinga med Ørsta kommune. Namnet Hjørundfjord kan kome av «sverd» (hjorr) i det ein samanliknar forma på fjorden med eit sverd. Ytst i fjorden ligg tre steinar som har vore kjende som Hjørungane. Fjorden kan ha fått namnet etter desse.
Kring fjorden er her rundt 70 små vatn. Eit av desse er Tussavatnet som har vore med på å gje kraftselskapet Tussa Kraft AS namnet sitt. Selskapet har i Hjørundfjorden hatt utgangspunktet for veksten sin med kraftproduksjon på Bjørke og seinare fleire mindre småkraftverk langs heile Hjørundfjorden. I hovudsak er jordbruk og turisme næringsvegar.
[endre] Bygdelag
- Hjørundfjordstranda
- Trandal
- Norangsfjorden
- Leknes
- Urke
- Øye
- Bondalen
- Storfjorden
- Viddal og Leira
- Bjørke og Finnes
- Skjåstaddalen
Namnet til fjorden har ofte vore forveksla med Hjørungavåg. Blant anna har det vore diskusjon om kvar Jomsvikingslaget stod av denne grunn, med mellom anna teoriar om at gullet til «Bue Digre» skulle vere grave ned på Bjørke. Her inst i Hjørundfjorden på Bjørke vart det også utført leiting og utgraving for å påvise at teorien kunne stemme, utan at ein lukkast i dette.
[endre] Litteratur
Lars Strømme og Ragnar Standal: ++ 1993 Hjørundfjordbøkene (1-5) Lunden, Kåre (1986): «Slaget ved Hjørungavåg : dikting, historie, nasjonal myte,» i Middelalderforum, 1986, nr. 3/4, s. 86-96

