Hjalmar Johansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Fredrik Hjalmar Johansen
HjalmarJohansen.JPG
Fødd 15. mai 1867, Flagget til Noreg Skien
Død 3. januar 1913 (45 år), Flagget til Noreg Kristiania
Yrke Offiser og polfarar

Fredrik Hjalmar Johansen (15. mai 18673. januar 1913) var ein norsk offiser og polfarar som deltok blant anna på Fridtjof Nansen sin Fram-ekspedisjon 1893–1896 og Sørpolekspedisjonen til Roald Amundsen 1910–1912. Johansen var òg både noregsmeister og verdsmeister i turn.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

1867–1893: Søkjande år[endre | endre wikiteksten]

Hjalmar Johansen var son av bonden og justisvaktmeisteren Jens Johansen (1838–1888) og Maren Pedersen (1838–1907) og var nest eldste borna i ein søskenflokk på fem. Foreldra kom opphavleg frå Hedmark, faren var frå Løten og mora frå Stange, men dei busette seg i Skien etter at dei gifta seg i 1862. I 1885 var Hjalmar med å stifte Idrætsforeningen Odd, der han utmerkte seg som ein god skiløpar og turnar. Same år var Hjalmar med i Noregsmeisterskapen for turn som føregjekk i byen Fredrikshald, der han vart noregsmeister i turn. Tre år seinare, i 1889, var han med det norske landslaget i turn til verdsutstillinga i Paris, der han vart verdsmeister.

Jens Johansen var oppteke av at den eldste sonen hans Hjalmar skulle få ein god artium og unnvar mykje av pengane sine og kreftar for å hjelpe sonen så godt han kunne. Hjalmar oppnådde ein middels god artium, i ei tid då det var ca 200 til 300 som tok han, og det var ikkje mange bondesøner som hadde klart å oppnå ein så bra artium på den tida. Etter artium drog Hjalmar til hovudstaden Christiania, der han tok førebuande prøver (kalla Anden Examen) i gresk, latin, filosofi, historie, tysk og zoologi. På desse prøvane fekk han òg middels gode karakteren. Faren ville at sonen skulle byrje på Krigsskolen i Oslo, som førde til ein sikker karriere og godt løna arbeid. Hjalmar trossa ynskjet til faren og valde heller å studere jus.

Då Hjalmar Johansen var 21 år og hadde studert jus i ca. éit år, døydde faren plutseleg og Hjalmar måtte dust slutte med studia og ta seg ein jobb i Skien. Der fekk han ein jobb som likna på den justisvaktmeisterstillinga faren hadde, og Hjalmar stod i han mellom 1889 og 1891. Deretter drog han tilbake til Christiania for å byrje på Krigskolen. Etter éit år fekk han status som vernepliktig sekondløytnant i Forsvaret, som var ein uløna stilling. Hjalmar var då 25 år gammal, forelska i ungdomsveninna Hilda og hadde inga særleg utdanning som gav nokon jobb. Han var difor på leting etter ein jobb.

1893–1913: Polarreisene[endre | endre wikiteksten]

Fredrik Hjalmar Johansen på ski utanfor Frederick Jacksons hytte i Elmwood
Foto: Frederick Jackson/Nasjonalbiblioteket

I 1893 søkte Hjalmar seg til å bli ein av dei som skulle vere med på «Fram»-ekspedisjonen til Fridtjof Nansen. Han var då arbeidsledig og i ei djup livskrise. Han fekk ingen tilbakemelding på søknaden sin og oppsøkte til slutt Fridtjof Nansen personleg. Etter mykje om og men vart Hjalmar Johansen tilsett som fyrbøtar på skipet, mykje takka vere god helse og fysikk. Undervegs fekk han fleire andre jobbar: Han var fyrbøtar på skipet heilt til Fram fraus fast i isen i slutten av 1893, og deretter var han assistent for Sigurd Scott Hansen, som dreiv med meteorologiske studium under ekspedisjonen.

I november 1894 vart Hjalmar tilbode jobb som medfølgjaren til Nansen på ein ekspedisjon til Nordpolen, og han takka ja. Nordpol-ekspedisjon varte frå mars 1895 til august 1896, samstundes som Fram-ekspedisjonen fortsette på eiga hand. Dei nådde 86° 14' N 7. april, som på den tida var lenger nord enn noko menneske hadde vore tidlegare. Reisa heimover frå 86° 14' N er kanskje meir kjend enn sjølve 86° 14'. Ho varte nesten éit og eit halvt år, der Nansen og Johansen måte overvintre på Frans Josefs land vinteren 1895–96. Ved nyttår sa Nansen dei berømte orda om å leve i dus. Dansken Klaus Rifbjerg spekulerer i romanen Nansen og Johansen frå 2002 på om dette tilhøvet òg var seksuelt. Denne boka fekk forresten dårleg mottaking blant norske kritikarar.[1]

Etter Framekspedisjonen vart Johansen forfremma til kaptein i Forsvaret i 1899. Som kaptein praktiserte han mellom 1899 og 1907 i Tromsø. Sjølv om Johansen hadde fast jobb og ei god stilling, hadde han framleis nokre problem. Dei økonomiske problema han enno sleit med, voks heile tida pga trongen hans til å vere fin. Han var på dette tidspunktet gift med Hilda, og dei hadde fire born: Trygve, Hjalmar jr., Marit og Per, som var fødde mellom 1898 og 1902. Men etter 1904 flytta dei tilbake til Skien medan Hjalmar enno var i Tromsø, og saknet av dei var stort. Han sakna òg det polaren miljøet. Seinare skilde Hilda seg frå Hjalmar, under tvang frå blant andre den djupt religiøse faren hennar. Seinare sa Johansen opp jobben som kaptein i Tromsø, sidan han ikkje fekk stilling lenger sør på grunn av misunning frå andre offiserar. Summen av alle desse omstenda dreiv han til alkoholisme. Han skreiv ofte til Nansen og bad om pengar til å slette gjeld som han hadde pådrege seg, og seinare om hjelp til å kome med på andre ekspedisjonar. Mykje takka vere Nansen fekk Johansen jobb under fire Svalbard-ekspedisjonar i perioden 19071909 under leiing av William S. Bruce (1907), Theodor Lerner (1907–1908), Adolf Hoel (1908) og Gunnar Isachsen (1909).

I 1910 fekk Johansen vere med på Sørpolekspedisjonen til Roald Amundsen. For dette kunne han igjen takke Nansen, som hadde stilt krav om at Johansen skulle vere med viss Amundsen skulle låne «Fram». Men til sjølve Sørpolen fekk Johansen ikkje vere med, på grunn av ei usemje med Amundsen. Johansen redda ein av lagmennene sine, Kristian Prestrud, etter eit mislukka første forsøk på å nå polpunktet. Då Amundsen spurde kvifor dei hadde brukt så lang tid på å kome tilbake til Framheim, kjefta Johansen på Amundsen og kritiserte han for at dei hadde starta for tidleg på våren. Johansen vart då degradert og måtte ta til takke med ein ekspedisjon til King Edward VII Land. Denne ekspedisjonen vart leia av løytnant Prestrud, som Johansen tidlegare hadde leia og som var ei militær grad under han.

Som nummer to bak Nansen og Amundsen[endre | endre wikiteksten]

Hjalmar Johansen si rolle i norsk polarhistorie er ofte kome i skuggen av Fridtjof Nansen og Roald Amundsen sine bragder, som mykje skuldast nettopp Hjalmar Johansen.

Under Nordpol-ekspedisjonen med Nansen var Johansen den som var optimistisk, han som unngjekk konfliktar og tok i eit tak. Då Nansen var sjuk i fleire veker på grunn av ryggproblema han fekk undervegs på turen, var det Johansen som tok utstyret til Nansen på seg i tillegg til sitt eige, og han måtte av og til hjelpe Nansen, som hadde problem med å gå, samstundes som han måtte vere «sjukepleiar» for Nansen. Dermed redda han både seg sjølv og livet til Nansen, samstundes som han redda Fram-ekspedisjonen og Nordpolekspedisjonen, som neppe ville ha fått den plassen dei har i dag, viss Nansen og Johansen hadde omkome på Nordpolen. Løna for dette var at han fekk ei kapteinstilling i Forsvaret, medan Nansen vart den store nasjonalhelten og vikingen, verdskjend og rik. Det er lite truleg at Nansen ville ha oppnådd ein slik posisjon viss det ikkje var for at reisevenen var nettopp Johansen.

Under Sørpol-ekspedisjonen med Amundsen var Johansen den som redda Amundsen frå den store skandalen, ved å gje han høvet til å utføre bragda si. Roald Amundsen etterlét fleire av mennene sine då dei måtte vende tilbake til «Framheim» under første forsøk mot Sørpolen. Grunnen til retretten var at det viste seg at dei drog ut for tidleg, og dette hadde Johansen åtvara mot, men Amundsen avviste han. Kvar mann måtte klare seg sjølv tilbake til leiren, og sjølv om alle overlevde fekk mange frostskadar og mange måtte liggje i senga i fleire dagar av utmatting og sjukdom. Johansen var den som kom sist tilbake til basen med Kristian Prestrud på slep og redda dermed livet hans. På grunn av ein krangel med Amundsen etter tilbakekomsten, vart Johansen utelate frå gruppa som skulle dra til Sørpolen. I staden vart Johansen sendt på ein bi-ekspedisjon leia av Prestrud som Johansen nettopp hadde redda. Prestrud var dessutan både yngre enn Johansen og stod under han på den militære rangstigen.

Johansen vart tildelt Sørpolsmedaljen

Johansen måtte forlate Fram då ho anløpte HobartTasmania under tilbakereisa til Noreg. Amundsen utstyrde han med ein minimal reisekasse.

Hjalmar Johansen fekk ein større plass i norsk polarhistorie takka vere Ragnar Kvam jr. sin biografi om han, som kom ut i 1997 under tittelen «Den tredje mannen. Beretningen om Hjalmar Johansen». Det var 84 år for seint. Hjalmar Johansen tok sitt eige liv 3. januar 1913,[2], og det at han ikkje vart anerkjend som ein av dei store skal ha vore ei av årsakene. Han etterlet seg kone og fire barn. Gravferda fann stad frå Odds turnhall i Skien 9. januar 1913.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Johansen vart i 1896 utnemnt til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden «for videnskabelig Fortjeneste.»[3] Han vart tildelt Fram-medaljen, og fekk etter sørpolsekspedisjonen Sørpolsmedaljen.[3][4] Han var æresmedlem i idrettsforeininga Odd. Hjalmar har òg fått ein vidaregåande skule i heimbyen Skien kalla opp etter seg, nemleg Hjalmar Johansen videregående skole.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Cathrine Krøger: «Danske fortapt i snøen», Dagbladet, 12. mars 2003.
  2. C S Albertsen: Hjalmar Johansens selvmord
  3. 3,0 3,1 Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847–1947, utgitt av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Oslo: Grøndahl & Søns Forlag, 1947, s. 287.
  4. Norges statskalender for aaret 1913, Kristiania: Aschehoug & Co (W. Nygaard), 1913, sp. 1093-1094.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]