Hjarte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For hjarte i samband med kortspel sjå kortfarge
Illustrasjon av eit menneskehjarte. Illustrasjon: Patrick J. Lynch

Eit hjarte (latin cor, genetiv cordis, fleirtal corda) er eit holt, muskulært organ som pumpar blod eller andre kroppsvæsker gjennom kroppen ved å gjennomføra stadige rytmiske samantrekningar. Det finst kretsløpssystem utan hjarte (t.d. hos leddormar), med eit hjarte (t.d. hos kjevemunnar) og med fleire hjarte (t.d. hos slimålar). Hos dyr som har lukka kretsløpssystem (t.d. virveldyr) pumpar hjartet blod gjennom blodårar, medan det syter for at all kroppsvæske strøymer gjennom heile kroppen hos dyr som har ope kretsløpssystem (t.d. leddyr).

Menneskehjarte[endre | endre wikiteksten]

Hjarte og lunger (frå ein gamal utgåve av Gray's Anatomy)
Menneskehjartet i prinsipp, sett forfrå. Kvite pilar syner normal blodstraum.
1: høgre framkammer 2: venstre framkammer 3:øvre holvene 4:aorta (bogen) 5:lungepulsåra (venstre sidegrein) 6:lungevene (nedre venstre) 7:mitralklaffen 8:aortaklaffen 9:venstre hjartekammer 10:høgre hjartekammer 11:nedre holvene 12:trikuspidalklaffen 13:pulmonalklaffen
Ei tredimensjonal ekkokardiografisk framstilling av eit hjarte. Det store biletet syner hjartet sett frå spissen (apeks) inn mot klaffane. Om lag halve hjartekammeret, mot spissen, er fjerna. Dei to små bileta til venstre syner todimensjonale snitt, kor hjartet står opp-ned. Øvst til venstre ser ein dei fire kammera og klaffane mellom for- og hjartekammer, nedanfor ser ein dei venstresidige strukturane, m.a mitral- og aortaklaffen. Sjå teikninga under for forklaring på 3D-biletet.
Foto: Kjetil Lenes
Forklaring til 3D-bilete. MV: mitralklaffen, AV: aortaklaffen, TV: trikuspidalklaffen. Den raude lina syner kor den øvre venstre 2D-sløyfa er teke frå, den blå lina viser til den nedre. Den heile lina er skiljeveggen (septum) mellom hjartekammera, og ytterveggen. Den stipla lina er yttervegg som ikkje er med.
Foto: Kjetil Lenes
Systole i framkammera
Systole i pumpekammera
Slik spreier dei elektriske impulsane seg frå sinusknuten når hjartet trekkjer seg saman

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Hos menneske ligg hjartet til vanleg noko til venstre for midten av brystkassa (toraks), under brystbeinet (sternum). Det ligg i ein sekk kalla hjarteposen (perikard), klemt inne mellom høgre og venstre lunge. Hjartet kviler mot mellomgolvet (diafragma). Hjartet har ein spiss, apeks, denne er normalt vend mot venstre. Hos barn ligg denne spissen høgt, hjartet ligg vassrett, hos vaksne er spissen retta meir nedover.

Hjartet har fire holrom eller kammer: Eitt venstre og eitt høgre framkammer (atrium) øvst og eitt venstre og eitt høgre hjartekammer (ventrikkel) nedst. Ein skiljevegg (septum) skil høgre- og venstresida av hjartet frå kvarandre. Venstre hjartekammer ligg til dels under og bak høgre hjartekammer. Det har fasong som ein sylinder med ein spiss ende, og tjukke vegger. Høgre hjartekammer har ein trekanta fasong og er falda halvegs rundt det venstre. Det har tynnare vegger, medan framkammera har enno tynnare vegger.

Blodstraumen gjennom hjartet[endre | endre wikiteksten]

Høgre hjartekammer pumpar blod til lungene, venstre hjartekammer pumpar til resten av kroppen. Klaffar mellom framkammer og hjartekammer syter for at blodstraumen berre går ein veg. Det er klaffar også ved utløpa frå hjartekammera.

Frå kroppen kjem blod med lågt oksygeninnhald inn til høgre framkammer frå dei to store venene. Øvre holvene (Vena cava superior) tømmer armar, overkropp og hovud, nedre holvene (Vena cava inferior) tømmer resten av kroppen. Frå høgre framkammer går blodet gjennom trikuspidalklaffen til høgre hjartekammer. Derfrå renn det gjennom pulmonalklaffen og ut i lungekretsløpet (også kalla det litle kretsløpet eller pulmonalkretsløpet). Her får blodet tilført oksygen frå lungene, motsett veg luftar kroppen ut karbondioksid. Det oksygenerte blodet kjem så attende til hjartet i venstre framkammer gjennom lungevenene. Blodet renn ned i venstre hjartekammer gjennom mitralklaffen, for så å bli pumpa ut gjennom aortaklaffen og ut i den store livpulsåra (aorta).

Hjartemuskelen si eiga blodforsyning kjem frå høgre og venstre kranspulsåre (koronararterie), som går av frå livpulsåra straks etter hjartet. Dette blodet kjem attende til høgre framkammer gjennon koronarsinus (Sinus coronarius).

Hjartemuskelen[endre | endre wikiteksten]

At hjartet kan trekkje seg saman kjem av at veggene er bygde av muskelcellar som kan arbeida utan stans og utan å bli slitne ut. Denne typen muskelcellar finst berre i hjartet. Veggane har tre lag. Epikard er det fyrste eller ytterste og er danna av flate epitel-celler og bindevev. Under dette ligg myokard, den eigentlege muskelen. Endokard er enno eit lag av flate epitel-celler og bindevev, inn mot hjartekammera.

Venstre hjartekammer har meir muskelmasse enn høgre av di han pumpar mot ein høgre motstand, alle kroppens blodårer utanfor lungene. Motstanden i lungekretsløpet som høgre hjartekammer forsyner er mykje mindre.

Hjartesyklusen[endre | endre wikiteksten]

Hjartet si oppgåve er å pumpe blod rundt i kroppen. Kvart hjarteslag er ei rekkje med hendingar som tilsaman blir kalla hjartesykelen. Kvar sykel har tre hovudtrinn: Framkammersystole, hjartekammersystole og hjartets diastole. Under systolen trekkjer framkammera seg saman og pressar blod inn i hjartekammera. Når samantrekninga stoggar og framkammera slappar av, søkk trykket i framkammera og blir lågare enn i hjartekammera. Då prøver blodet å renna attende, og trikuspidal- og mitralklaffane lukkar seg. Det er lukkinga av klaffane som lagar den kjende lyden av hjartet som slår.

Hjartekammeras systole er òg ein samantrekning som driv blodet ut, i dette tilfellet til kretsløpssystemet. Også her lukkar klaffane ut, aorta- og pulmonalklaffen, når pumpekammera utvidar seg.

Til slutt blir hjartet fylt på nytt når kammera utvidar seg. Dette blir kalla diastole og startar noko tidlegare i framkammera enn i pumpekammera. Diastolen i hjartekammera fell grovt sett saman med systolen i foorkammera.

Regulering av hjartesyklusen[endre | endre wikiteksten]

Hjartemuskelen er myogen, det tyder at han sjølv kan stimulera seg til samantrekning. Han er den einaste muskelen i menneskekroppen som kan det, i motsetnad til musklane i skjelettet som treng stimulering frå nervar for å trekkje seg saman. Samantrekningane i hjartet startar spontant, sjølv om nerveimpulsar eller hormonpåverknad kan påverka hjartefrekvensen (upresist kalla «pulsen» på folkemunne), til dømes ved fysisk slit eller fare.

Rytmen i samantrekningane vert styrt frå sinusknuten. Sinusknuten, også kjend som hjartet sin pacemaker, ligg i øvre vegg i høgre framkammer og skapar ein elektrisk impuls som stimulerer framkammera til å trekkja seg saman (sjå aksjonspotensial). Når den elektriske impulsen når atrioventrikulærknuten (AV-knuten), som ligg øvst i veggen mellom hjartekammera, i overgangen mellom framkammer og hjartekammer, vert han leia ned i His-bunten og fører til samantrekning av hjartekammera. Tida det tek for impulsen å nå fram til denne knuten frå sinusknuten skaper eit opphald mellom samantrekningane i dei to kammera, og sikrar at kvar samantrekning skjer samstundes i dei to framkammera og ein augneblink seinare i dei to hjartekammera.

Frekvens[endre | endre wikiteksten]

Kor ofte hjartet trekkjer seg saman varierer. Hos ein nyfødt unge er alt mellom 80 og 180 samantrekningar i minuttet normalt. Normal kvilefrekvens hos ein vaksen er 50-70, ved hardt arbeide kan frekvensen auke til 200. Samstundes kan slagvolumet auke, så medan hjartet hos ein vaksen pumpar om lag fem liter i minuttet i kvile kan dette auke til over 25 liter i høg aktivitet.

Det er tre mekanismar som styrer hjartefrekvensen med å verke på sinusknuten:

Dersom sinusknuten mistar evna til å styre hjartefrekvensen, kan AV-knuten overta. Den naturlege frekvensen her ligg lågare enn frekvensen i sinusknuten. His-bunten og purkinjefibrane kan også overta som pacemaker. Men her er frekvensen endå lågare enn i AV-knuten.

Undersøkingar av hjartet[endre | endre wikiteksten]

Hjartesjukdommar[endre | endre wikiteksten]

Kardiologi er den greinspesialiteten innfor medisinen som ser på hjartesjukdommane. I daglegtale snakkar ein ofte også om barnekardiologi som eigen greinspesialitet. Det er det ikkje, og både kardiologar og barnelækjarar steller med hjartesjukdommar hos barn. I mellom dei viktigaste hjartesjukdommane er:

Førstehjelp[endre | endre wikiteksten]

Sjå hjartestans for naudstilfelle

Dersom eit menneske har hjartestans (ikkje følbare hjarteslag), bør ein straks starta hjarte-lungeredning (munn-til-munn og hjartemassasje).

Hjartet hos andre virveldyr[endre | endre wikiteksten]

Fiskehjartet[endre | endre wikiteksten]

Virveldyra sin siste felles stamart hadde allereie eit lukka kretsløpsystem med hjarte. Hjartet var her eit langstrakt organ som hadde fleire holrom etter kvarandre:

Slik er det framleis hos slimålar og niauge. Venesekk og hjartekonus deler virveldyra også med lansettfiskane.

Slimålar har i tillegg såkalla aksessoriske hjarter, «hjelpehjarter», på tre skilde stader i kroppen: Eitt par i halen, eitt par i hovudet, og eitt enkelt hjarte i leverportåra. Desse hjelper med å pumpe det venøse blodet attende til «hovudhjartet».

Hjartet pumpar det oksygenfattige blodet til gjellene. Etter tilførsel av oksygen går blodet til heile kroppen.

I stamarten til kjevemunnane fekk hjartet ei s-form, ved at venesekken og framkammeret ligg oppå pumpekammeret og hjartekonen, slik at blodet strøymer «baklengs» mellom for- og hjartekammer. Slik er det hos dei aller fleste fiskeartane.

Virveldyr på land[endre | endre wikiteksten]

Kjevemunnane sitt hjarte blei utvikla vidare i stamarten til dei virveldyra som lever på land. Det var her det andre framkammeret kom til. Eit slikt hjarte med to framkammer og eit hjartekammer finst framleis hos amfibiane.

Hjartet pumpar her blanda blod. Det eine framkammeret tek imot oksygenfattig blod frå kroppen og det andre framkammeret oksygenrikt blod frå lungene. Blodet frå begge framkammera blir blanda i hjartekammeret.

Dei andre virveldyra på land har ikkje berre to framkammer, men òg to hjartekammer. Delinga av hjartekammeret skjedde altså i stamarten til amiondyr, men skiljeveggen var ikkje fullstendig. Dette fører med seg at venøst og arterielt blod blir blanda i hjartet. Samtidig med delinga av hjartekammeret vart hjartekrona delt i tre; éin del dannar overgangen til lungearterien, ein annan til den venstre aortaen og den siste til høgre aortaen. Denne tilstanden finn vi i dag hos bruøgla, skjelpadder og skjelkrypdyr.

Skiljeveggen i hjartet vart fullstendig lukka to gonger uavhengig av kvarandre innanfor amniondyra: Den eine gongen var i den felles stamarten for krokodillar og fuglar, og den andre gongen var i stamarten åt pattedyra. Dermed blei det i begge desse falla lagt til rette for eit fullstendig skilje mellom venøst og arterielt blod. I både fuglar og pattedyr har dessutan den eine av livpulsårene gått tapt. Men mens fuglar berre har bevart den høgre livpulsåra, er det i pattedyra den venstre livpulsåra som er bevart.

Hjarterytmen[endre | endre wikiteksten]

Mindre dyr har høgare hjarterytme enn større dyr. Likeeins har yngre snøggare hjarterytme enn eldre innanfor same art. Døme på hjartefrekvens (i slag per minutt):

Andre pattedyr lever stort sett i 1 milliard hjarteslag, medan mennesket lever i 2–3 milliardar slag.

Hjarte hos virvellause dyr[endre | endre wikiteksten]

Hjarte finst ikkje berre hos virveldyr og lansettfiskar. Ein finn også hjarte hos armføtingar, blautdyr, kappedyr og leddyr. Hos enteropneustar, foronidar, pigghudingar, pterobrankiar og slimormar finst hjarteliknande strukturar. Desse vert kalla ampullar eller lakuner, fordi dei først og fremst fungerer som blodreservoar, ikkje som blodpumper. Likevel vert dei også av og til omtala som hjarte. Hos leddormar overtek heile ryggåra hjartefunksjonen, ved at ho gjennom samantrekningar driv blodet gjennom det lukka sirkulasjonssystemet.

Ein er ikkje viss på kor ofte hjarte har oppstått uavhengig i dyra sine stamtre. Men i og med at det mest truleg ikkje fanst noko hjarte i den siste sams stamarten for t.d. virvel- og blautdyr, må hjarte ha oppstått minst to gonger uavhengig av kvarandre.

I opne sirkulasjonssystem vert blodet kalla hemolymfe. Her er det strengt teke ikkje snakk om blod i eigentleg forstand, men ei kroppsvæske med mange ulike bestanddelar.

Blautdyrhjartet[endre | endre wikiteksten]

Hos blautdyr består hjartet av eit hjartekammer og eit varierande tal framkammer. Talet på framkammer samsvarar med talet på gjellene, slik at det finst grupper med eit, to eller fire framkammer. Vener transporterer hemolymfen frå gjellene til hjartet, og to arterier fordeler så denne oksygenrike hemolymfen i kroppen. Utover dette finst det ikkje årer, dvs. at sirkulasjonssystemet er ope.

Leddyrhjartet[endre | endre wikiteksten]

Hos leddyr er hjartet eit nokså langt organ som strekkjer seg over fleire segment. Sirkulasjonssystemet er ope; vener manglar fullstendig. I staden for gjennom vener entrar blodet gjennom «sprekker» i hjartet, såkalla ostier. Det finst eit par ostier per kroppssegment. Hjartet pumpar så hemolymfen gjennom arterier til dei ulike kroppsregionane, der årene sluttar. Hemolymfen vert oksygenisert før han kjem til hjartet. Hjartet pumpar altså arterielt «blod».

Våre nærmaste virvellause slektningar[endre | endre wikiteksten]

Virveldyr vert samanfatta med lansettfiskar og kappedyr til ryggstrengdyr. Lansettfiskane har, som nemnt over, eit hjarte som tydeleg liknar på vårt. Også kappedyr har eit hjarte, men dette er ikkje delt i ulike avsnitt. Dessuten har kappedyra sitt hjarte ein unik eigenskap blant dyr: Det kan endra retninga av blodomløpet! Kappedyr vekslar mellom å pumpa blod frå tarmen til gjellene (som hos andre ryggstrengdyr) eller frå gjellene til tarmen. (Dei same årene fungerer dermed både som arterier og vener, avhengig av retninga til blodomløpet.)

Ryggstrengdyr vert i sin tur samanfatta med enteropneustar, pigghudingar og pterobrankiar til deuterostomiar. Hos enteropneustar, pterobrankiar og nokre pigghudingar (m.a. sjøpiggsvin og sjøstjerner) finn ein blæreaktige utvidingar av blodårer, som har hjarteliknande funksjon. Desse kan trekkja seg saman og dermed transportera blod i kroppen. Det er likevel usikkert om desse organa er homologe med kvarandre og/eller med ryggstrengdyra sine hjarte. Hos pigghudingar (der organet heiter «dorsalblære») finst det t.d. ikkje noko sirkulasjonssystem i eigentleg tyding, men eit «hemalsystem» med årer som sluttar blindt. Derfor er det tvilsamt og framleis uavklart om desse systema i det heile teke kan samanliknast med vårt sirkulasjonsorgan og hjarte.

Hjartet i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Hjartet er blodfylt og gjev frå seg puls ein kan kjenna gjennom huda til eit levande menneske. Sterke kjensler gjer at det går fortare og er meir tydeleg til stades for eigaren. Det er ikkje så rart at det i mange kulturar har vore sett på som bustaden for sjela, sinnet og kjenslene. Ein finn døme på dette mellom anna i Bibelen, i læra til Aristoteles og hos stoikarane. Leveren har òg vore brukt som eit liknande symbol, medan det i dag er hjernen som blir rekna som det viktigaste organet for personlegdom. Hjartet er mest brukt som eit symbol på kjærleik.

Hjarteform[endre | endre wikiteksten]

Døme på bruk av hjartet som symbol på kjærleik.
Eit moderne måleri av eit anatomisk tilnærma rett hjarte. (Måleri: Denise Chan)

Hjartet er mykje brukt som symbol, særleg med den stiliserte hjarteforma . Det er ikkje kjend kvar denne forma kjem frå. Teoriar spenner frå det sumeriske kileskriftsymbolet for 'kvinne', som hadde ein liknande fasong, til frøa frå Silphium-planten, som hadde samband med kjærleik og sex i og med at han blei brukt til prevensjon og abortframkalling. Bilete av dei hjarteforma frøa blei prega på myntar i den antikke byen Kyrene. Andre forklaringar har peikt på likskapar med ulike (seksuelle) delar av kvinnekroppen, men ein kan ikkje sjå heilt bort frå at symbolet ganske enkelt viser til utsjånaden på det ekte hjartet.

Ein finn stiliserte hjarter som kortfarge på spelkort og som pynt og symbol ei rekke stader, til dømes på klede, sukkertøy og på kjærleiksbrev og -kort. Det blir brukt som ideogram for «elsker», til dømes i utsegna «I ♥ New York». I nyare tid har ein òg teke i bruk meir anatomiske hjarte som symbol på slike kjensler.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Ein kan fortsatt snakka om hjartet når ein meiner kjensler, som å bli «varm rundt hjarterøtene». Å «ha hjartet på rette staden» eller vera «godhjarta» tyder at ein er snill og god, medan å ha eit «hjarte av stein» tyder at ein ikkje har miskunn.

Ein finn òg att hjartet i uttrykk som viser til sentrum eller den viktigaste delen av noko, til dømes «hjartet av byen» eller «Folkestad er sjølve hjartet i Volda kommune». Denne bruken kan minna om den biletlege bruken av navle.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Hjarteveging etter døden på ein egyptisk papyrus.
Dei heilage hjarta til Jesus og Maria.

Hjartet har spelt fleire roller i ulike religionar. I egyptisk mytologi blei hjartet til avdøde vegde mot fjøra til Ma'at i dødsriket Duat. Hjarte som blei funne for lette blei etne opp av monsteret Ammit, medan dei andre fekk koma til Osiris i Aaru.

I Aztekarriket og andre førkolumbiske mesoamerikanske kulturar var hjartet ofte ein viktig del av menneskeofring. I mange rituale skar ein ut hjartet medan offeret endå levde og tilbaud det til gudane, til dømes ved å kasta det på elden.

Innan kristendommen, særleg katolisismen, er hjartet eit symbol på guddomeleg kjærleik for menneskja. Det heilage hjartet til Jesus (og av og til også Jomfru Maria) blir minna med Jesu hjartefest i den katolske kyrkja, og Jesus blir ofte framstilt med eit tydeleg hjarte utanpå bringa.

I hinduismen finn ein framstillingar av guden Hanuman som held open bringa si slik at ein kan sjå hjartet hans, der ein finn Rama (og i nokre versjonar også Sita). Dette biletet kjem frå ei soge om at Hanuman viste fram hjartet sitt for å visa kor trugen han var til den høgare guden Rama.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]