Hjelm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For planteslekta, sjå hjelmar.
Mann med gullhjelm. Måleri av Rembrandt.

Hjelm (norrønt hjalmr) er eit vernande hovudplagg av hardt og/eller absorberande materiale. Ein hjelm kan verna hovudet mot slag, støyt og andre skadar eller farer. Typiske bruksområdet er i militær samanhang, som verneutstyr for arbeid, til ein del idrett og anna rørsle eller transport. Nokre hjelmar kan hovudsakleg ha seremoniell eller utkledande funksjon, og kan ha ei utforming som ber preg av dette.

Historisk laga ein hjelmar av lêr, metall, tekstilar og tidvis bein. Sidan 1900-talet har ein også teke i bruk kunstsoff som epoxy og kevlar.

Kulturell tyding[endre | endre wikiteksten]

Ein hjelm kan vera eit teikn på ein mektig krigar, og er blitt brukt i framstillingar av krigargudar som Ares, Atene, Bellona og Mars, erobrarar som Aleksander den store, vikingar eller conquistadorar.

Ein del germanske namn som Hjalmar, Anselm, Vilhelm er avleidde av «hjelm», medan namn som Kjetil og Kjell kan vera knytte til hovudplagget.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hjelm

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne kledeartikkelen som har med historie og teknologi å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.