Hjelmvarslarar
| Hjelmvarslarar | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Passeriformes | |
| Familie: | Prionopidae | |
| Slekter | ||
Hjelmvarslarar er ein biologisk familie av 12 artar av mellomstore sporvefuglar med habitat i krattskog eller opent skogsterreng i Afrika og Sør-Asia. Dei jakter insekt og små byttedyr i buskar og tre.
Hjelmvarslarar har eit levevis som liknar det ein finn hos varslarar, Laniidae. Dei liknar òg varslarar i kroppsbygging, men fjørdraktene er typisk meir fargerike. Dei kan ha karakteristiske fjørtoppar eller anna pynt på hovudet, som for eksempel hudlappar rundt auga, dette har òg gjeve gruppa namn.
Hjelmvarslarar er bråkete og sosiale fuglar som hekkar i lauslege koloniar. Dei legg 2-4 egg i fint gjorte, godt skjulte reir.
Dei var tidlegare klassifisert i varslarfamilien, Laniidae, i dag er det semje om at gruppa er ein distinkt familie Prionopidae.
Innhaldsliste |
Artslista [endre]
Hjelmvarslarar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.4 frå desember 2009 [1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [2]
Slekt Prionops
- Kvittopphjelmvarslar, Prionops plumatus
- Gråtopphjelmvarslar, Prionops poliolophus
- Gultopphjelmvarslar, Prionops alberti
- Svartkinnhjelmvarslar, Prionops caniceps
- Gråkinnhjelmvarslar, Prionops rufiventris
- Svarthjelmvarslar, Prionops retzii
- Angolahjelmvarslar, Prionops gabela
- Brunpannehjelmvarslar, Prionops scopifrons
Slekt Tephrodornis
- Storoskefugl, Tephrodornis gularis
- Kvitbrynoskefugl, Tephrodornis pondicerianus
Slekt Philentoma
- Rustvengfilentoma, Philentoma pyrhoptera
- Purpurbrystfilentoma, Philentoma velata
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Helmetshrike» frå Wikipedia på engelsk, den 22. november 2010
Referansar [endre]
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood. 2009. The Clements checklist of birds of the world: Version 6.4 Lest 14. august 2010
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Bakgrunnsstoff [endre]
- Videoar av hjelmvarslarar hos Internet Bird Collection