Hjelp:Diskusjonsside

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ei diskusjonsside er ei wikiside med diskusjonar omkring artikkelen som diskusjonssida er knytt til. Om du ynskjer å sjå eller delta i diskusjonen rundt ei side trykkjer du på knappen «diskusjon» heilt øvst på sida. Når du er på diskusjonssida kan du trykke på lenka til venstre for diskusjonslenka for å komma tilbake til sida du diskuterer.

Kva kan ein nytte diskusjonssida til?[endre | endre wikiteksten]

Diskusjonssider blir som regel nytta til å drøfte innhaldet i eller strukturen av sida dei høyrer til. Slik skil ein ut det som ikkje nødvendigvis vil vera interessant for lesaren, men truleg for bidragsytarane eller dei som vil grava djupare.

Diskusjonssida kan òg brukast som ei form for metaside for sida den høyrer til; der ein kan ha t.d. ei gjeremålsliste, opplysningar ein ikkje veit kor passar inn, dårleg eller tvilsam tekst og så bortetter.

Har du spørsmål eller kommentarar som du ikkje veit kor høyrer heime eller du tykkjer treng eit vidare publikum, kan du vitja samfunnshuset, som er eit ope debattforum for emne som er knytt både laust og fast til Wikipedia.

Brukarane sine eigne diskusjonssider[endre | endre wikiteksten]

Som registrert brukar får du ei eiga brukarside som du finn ved å trykke på brukarnamnet ditt oppe til høgre på sida (dersom du ikkje har registrert deg, så kan du gjera det no). Brukarsida har òg ei tilhøyrande diskusjonsside som andre brukarar kan nytte til å diskutere med deg, eller gje deg meldingar. Diskusjonen er like open som alle andre sider, så om du ynskjer å diskutere privat bør du nytte e-post eller andre kommunikasjonsmiddel.

Legge til ein kommentar[endre | endre wikiteksten]

Som på dei fleste sider kan du nytte lenkja «endre» øvst på sida for å kunne endre alle delar av sida, eller du kan bruke lenkja «[endre]» til høgre for den bolken du vil gjera noko med. Du vil då få opp ein endringsboks akkurat som på andre sider, der du kan deltaka i diskusjonen eller leggje inn nytt innlegg.

På diskusjonssider kan du òg trykke på plussteiknet oppe til høgre for «endre», og automatisk laga ein ny bolk som vert plassert nedst på sida.

Tips[endre | endre wikiteksten]

  • For at diskusjonssidene skal vera så oversiktlege som mogleg er, bør du leggje til nye kommentarar nedst på sida. Då vert det lettare for lesarar å følgje diskusjonen kronologisk.
  • Når du har skrive eit innlegg bør du signere det ved å skrive ~~~~ heilt til slutt i innlegget. Dette kan du òg få lagt inn ved å trykke på signatur-knappen i verktylina ovanfor endringsboksen. På den måten vert innlegget ditt signert med brukarnamn (eller ip-adresse) og tidspunkt – og det vert lettare for lesarar å følgje diskusjonen.
  • Dersom du svarar på eit innlegg vil det vera lettare å skilje svaret frå det du svarer på ved å leggje inn eit innrykk. Det gjer du ved å skriva kolon (":") føre innlegget. Fleire kolon gjev lengre innrykk.
  • Ver open, blid og imøtekommande. Wikipedia kan vera skriven av personar med svært skilde syn på forskjellige saker og ting. Det er viktig å vera open for andre synspunkt om vi skal oppretthalde eit godt – og opent miljø.
  • Ikkje nøl med å seia frå om du tykkjer noko er feil, eller treng forbetrast.