Hjelp:Endringssamandrag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Endringssamandraget er eit kort samandrag av endringar ein har gjort i ein artikkel. Samandraget blir skrive inn i eit mindre felt merka «Samandrag» under sjølve tekstboksen for endringar. I dette feltet bør ein kort skildre kva ein har endra, gjerne også kvifor.

Andre kan sjå dette samandraget i lista over dei seinaste endringane og i historikken til artikkelen. Ved hjelp av ei god skildring kan andre bidragsytarar avgjere om endringa er interessant for dei eller ikkje, anten dei ser over lista på Siste endringar eller lurer på korleis ei viss endring fann stad i artikkelen. Legg ein berre ei lita tekst til artikkelen, kan ein kopiere tillegget til beskrivelsesfeltet, men ein kan også nøya seg med å skildra ein retta stave- eller skrivefeil med desse orda, eller ganske enkelt kalla det «flikk» eller «småplukk». Mindre endringar treng ikkje alltid ha forklaring. Merk at skildringa ikkje seinare kan endrast, så ein må vere forsiktig med kva ein skriv.

Automatisk endringssamandrag ved tomt felt
  • Opprettar du ein ny artikkel kjem byrjinga av artikkelen automatisk i endringssamandraget om du lar samandragsfeltet stå tomt.
  • Opprettar du ei omdirigering kjem endringssamandraget «Omdirigerer til [tittel]».
  • Byrjar du endringa ved å klikke på ei overskrift, blir overskrifta lagt inn i samandragsfeltet av seg sjølv.
  • Byrjar du ein ny tråd på ei diskusjonsside ved å bruke «+»-fanen, kjem endringssamandrag «Nytt avsnitt: - -> Avsnittsoverskrift» automatisk.