Hjelp:Lasta opp filer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kva slags filer kan lastast opp?[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia bruker filer som inneheld bilete og lyd.

  • For bilete er formatet .JPG det beste for fotografi og .PNG det beste for teikningar med sterke kontrastar. .GIF kan òg brukast, til dømes for illustrerande animasjonar.
  • For lyd er .OGG (Ogg Vorbis) det beste formatet.

Dersom du har ei fil som

  • du sjølv har opphavsrett på, eller
  • som ikkje har opphavsrett fordi det er gammalt eller av ein annan grunn, eller
  • du har fått lov av opphavsrettseigaren til å bruka det på Wikipedia med alt det inneber (sjå GFDL-lisensen)

kan du lasta henne opp til nynorskwikipedia eller Commons. Den første staden kan ho berre brukast av nynorsk-wikipedia, den andre staden kan alle wikipedia og -mediaprosjekt bruka henne.

Kvar skal fila lastast opp?[endre | endre wikiteksten]

Dersom fila berre kan brukast av nynorskprosjektet kan ho lastast opp her, viss ikkje er det betre å lasta henne opp til Commons slik at alle får glede av henne. På kvar stad må du vera ein brukar og ha logga inn for å lasta opp fila.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Prøv å gje fila eit presist filnamn før du laster henne opp, på norsk eller engelsk. Når ho er lagt inn på serveren bør du gå til redigeringssida og fylla ut med så mykje informajson du kan.

Informasjon om kvar fila er frå og alt det ho inneheld er viktig, fordi det kan hjelpa andre som leiter etter noko ho inneheld. På Commons kan du plassera fila på ei side eller i ein kategori som passar; det gjer henne òg lettare å finna.

Vel den lisensen som passar: GFDL, som er lisensen Wikipedia bruker for alle artiklane sine, en:Public domain (PD) som betyr at ho er heilt fri for all slags bruk, eller en:Creative commons, som er ei rekke ulike lisensar som likevel er lette å forstå, og som kan vera alt frå svært strenge til svært frie. På Wikipedia bruker me berre Creative commons-lisensar som tillet kommersiell bruk.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]