Hjernebjelk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hjernebjelken sett ovanfrå

Hjernebjelken eller corpus callosum (latin for «hardt lekam») er ein vid og flat bunt av nervefiber som ligg under hjernebarken i hjernen ved fissura longitudinalis cerebri.[1] Den knyter saman høgre og venstre hjernehalvdel og syter for kommunikasjon mellom desse (interhemisfærisk kommunikasjon). Det er den største bygnaden med kvit substans i hjernen, samansett av 200-250 millionar kontralaterale (motståande) aksonale projeksjonar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Holck, Per (13. februar 2009). «hjernebjelken». Store Medisinske Leksikon. Henta 2. januar 2015. 
Spire Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.