Hjernenerve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hjernenervane (med namn på engelsk)

Ein hjernenerve (latin: nervus cranialis, fleirtal nervi craniales), òg kalla kranienerve, er ein nerve i nervesystemet som spring ut frå eller går inn i hjernen eller hjernestammen, til skilnad frå dei andre nervane som kjem ut frå ryggmergen. Eit menneske har tolv par hjernenervar, og alle finst symmetrisk på både høgre og venstre side.

Somme hjernenervar er laga av nervetrådar som sender signal til hjernen, og desse blir kalla afferente nerver. Andre nerver sender signal frå hjernen, og ein kallar desse efferente nervefibrar. Nokre av hjernenervene inneheld òg begge typane. Ein skil òg mellom visceral og somatisk innervasjon på hjernenervane. Det indikerer om nervane gir signal til innvollar (visceral) eller til mellom anna muskulatur (somatisk). Omgrepet spesiell blir og nytta for å skildre nerven har opphavet sitt i ein gjelleboge, og motsett nyttar ein generell dersom han ikkje kjem derfrå. Kvar hjernenerve utan dei to første har òg ein eller fleire hjernenervekjernar som nerven er knytt til.

Nokre av hjernenervane har i motsetnad til ryggmergsnervane ikkje eit likt greiningsmønster, og derfor er nerveløpet i hovudet ofte invikla.

Nesten alle hjernenervane blir rekna som ein del av det perifere nervesystemet. Dei to første hjernenervane er likevel ein del av sentralnervesystemet fordi dei blir sett på som ei vidareføring av høvesvis storhjernen, cerebrum, og mellomhjernen, diencephalon.

Utviklinga til hjernenervane[endre | endre wikiteksten]

Anlegga til dei framtidige hjernenervane er skildra på dette biletet. Det rosa er den kraniale delen nevralrøyret som har byrja å folde seg ventralt. Dei ulike hjernenervane er talsett med tal frå 1 til 12.

N. olfactorius og n. opticus[endre | endre wikiteksten]

For å skjønne anatomien til hjernenervane som tidvis kan vere ganske så komplisert, så hjelper det å forstå korleis dei har utvikla seg embryologisk. N. olfactorius og n. opticus har opphava sine i høvesvis storhjernen og mellomhjernen. Når hjernen foldar seg framover, vil dei bli liggjande under storhjernen og gå ut til nasen og augehola inferiort og ventralt gjennom skallen. Desse er eigentleg ikkje ein del av det perifere nervesystemet sidan dei er utvekstar av hjernen.

Synsnerven, n. opticus, kjem som sagt frå mellomhjernen, den nedre delen av det som blir kalla prosencephalon i det tidleg fosterlivet, altså den mest kraniale delen av nevralrøyret. På kvar lateralside av nevralrøyret blir det danna ein optisk vesikkel som berre er utposingar av hjerneveggen. Utposinga vil gå ut mot ektoderm, kor den vil treffe på den invaginerte linseplakoden. Den optiske vesikkelen legg seg så kring linsa og dannar det optiske begeret. Begerhòlet vil bli til netthinna, retina, medan «begerstetten» blir utvikla til den distale delen av n. opticus. [1]

Dei motoriske augemusklane[endre | endre wikiteksten]

Dei tre motoriske augenervane, n. oculomotorius, n. trochlearis og n. abducens kjem frå dei delane av nevralrøyret som er knytte til den første til den fjerde somitomeren, som er ein del av paraksiale mesoderm som ligg kranialt for dei oksipitale somittane og på kvar si side av nevralrøret, og dannar dei ytre augemusklane. [2] Når hjarnen så utvidar seg, vil både n. oculomotorius og n. trochlearis hamne kranialt, medan n. abducens rykkjer kaudalt. N. trochlearis vil òg vri seg til dorsalsida av nevralrøyret slik at han blir den einaste hjernenerven som går ut på dorsalsida.


Hjernenervane og hjernenervekjernane[endre | endre wikiteksten]

Hjernenervar Hjernenervekjernar
I Nervus olfactorius Går ut frå storhjernen, har ingen kjernar
II Nervus opticus Går ut frå mellomhjernen, har igjen kjernar
III Nervus oculomotorius Oculomotorius-kjernane, nucleus nervi oculomotorii, nucleus nervi oculomotorii accessorii (Edinger-Westphal)
IV Nervus trochlearis Trochlearis-kjernen, nucleus trochlearis
V Nervus trigeminus Trigeminuskjernane, nucleus pontinus/principalis nervi trigemini, nucleus spinalis nervi trigemini, nucleus mesencephalicus nervi trigemini, nucleus motorius nervi trigemini
VI Nervus abducens Abducens-kjernen, nucleus abducentis
VII Nervus facialis Facialis-kjernen, nucleus facialis, og nucleus tractus solitarii, og nucleus salvatorius superior
VIII Nervus vestibulocochlearis Vestibularis-kjernane, nuclei vestibulares og cochlearis-kjernane, nuclei cochleares
IX Nervus glossopharyngeus Ambiguus-kjernen, nucleus ambiguus, og nucleus salvatorius inferior, og nucleus tractus solitarii
X Nervus vagus Ambiguus-kjernen, nucleus ambiguus, vagus-kjernen, nucleus dorsalis nervi vagi, og solitarius-kjernen nucleus tractus solitarii, og trigeminus-kjernen, nucleus spinalis nervi trigemini
XI Nervus accessorius Ambiguus-kjernen, nucleus ambiguus, og øvste delar av det motoriske forhornet i ryggmergen.
XII Nervus hypoglossus Hypoglossus-kjernen, nucleus hypoglossi

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hjernenerve

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]