Hjernetrykk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alvorleg høg trykkauking i hovudskallen kan føra til hjernekompresjon, ein potensielt dødeleg attåtverknad av trykkendringa.

Hjernetrykk eller intrakranielt trykk (ICP) skildrar trykket inni hovudskallen, og dimed også i hjernevevet og cerebrospinalvæska (CSF).[1][2] CSF-trykk har vist seg å bli påverka av bråe endringar i intratorakalt trykk ved hosting (intraabdominalt trykk), valsavas manøver og kommunisering med vaskulaturen (vene- og arteriesystema). ICP blir målt i millimeter kvikksølv (mmHg), og ved kvile plar den å vere mellom 7 og 15 mmHg hjå vaksne i liggande stilling.[3][4] Endringar i ICP er tilknytt volumendringar i ein eller fleire av konstituentane av kraniet.

Idiopatisk intrakraniell hypertensjon, ofte kalla auka intrakranielt trykk, er ei trykkauking i kraniet. ICP er normalt mellom 7 og 15 mmHg; ved 20—25 mmHg[3] er den øvre grensa nådd, og behandling kan vere naudsynleg.[5]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jansen, Jan (13. februar 2009). «hjernetrykk». Store medisinske leksikon. Henta 1. mars 2015. 
  2. Jansen, Jan (13. februar 2009). «intrakranielt trykk». Store medisinske leksikon. Henta 1. mars 2015. 
  3. 3,0 3,1 Myhre, Mia; Drage, Inger Marie (2013). «Økt intrakranialt trykk og hjerneødem». Helsebiblioteket. Arkivert frå originalen 2. april 2015. Henta 1. mars 2015. «Normal ICP ≤ 15 mm Hg (ca 20 cm H2O) hos voksne/eldre barn og noe lavere hos yngre. ICP ≥ 20 mm Hg (ca. 27cm H2O) ansees som patologisk» 
  4. Steiner LA, Andrews PJ (2006). «Monitoring the injured brain: ICP and CBF». British Journal of Anaesthesia 97 (1): 26–38. 
  5. Ghajar J (September 2000). «Traumatic brain injury». Lancet 356 (9233): 923–9. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.