Hjulbåt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skibladner er den mest kjente hjulbåten i Noreg.

Hjulbåt er eit skip med dampmaskin som driv skovlhjul som sørgjer for framdrifta.

Hjulbåten representerte første fase i overgangen frå seglbåtar til båtar med motor. Dei første propellane (skruar) for drift av skip vart først utvikla i 1836.

Skovlhjula var høvesvis plassert eitt på kvar side da dette gav best manøvreringseigenskapar. Ulempa var at brygger og gangvegar måtte tilpassast spesielt. Alternativt vart skovlhjulet plassert akterut. Dette var vanleg blant anna på elvebåtar (floddamparar).

Dei første dampskipa i Noreg DS «Constitutionen» og DS «Prinds Carl» var hjulbåtar. Dei vart sett i trafikk i 1827.

I 1819 var DS «Savannah», det første dampskipet som kryssa Atlanterhavet, i Arendal. Dette var første gong nokon såg eit dampskip i Noreg.

DS «Skibladner», som framleis er i sommartrafikk på Mjøsa, vart bygd i 1856 og er det eldste, bevarte hjuldampskipet i verda som framleis er i drift.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Hjuldampar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]