Hjuldampar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hjuldamparen DS «Constitutionen» i hamna i Arendal midt på 1800-talet. Bilete frå Norge fremstillet i Tegninger frå 1848.
DS «Skibladner» på Mjøsa utafor Hamar. Skipet har skovlehjul på kvar side.
DS «Natchez» på elva Mississippi. Skipet har skovlehjul akterut.

Hjuldampar er eit skip driven med dampmaskin og eit skovlehjul på kvar side, eller eit stort skovlehjul i hekken, i staden for propell.

Dei fyrste damskipa i fart på verdshava var hjuldamparar som både hadde dampmaskin og segl; dei hadde skovlehul på kvar side. Men etter at skipspropellen vart funne opp på byrjinga av 1800-talet, gjekk dei havgåande hjuldamparane snøgt ut or bruk, då skip med propell eigna seg mykje betre i hardt vêr. Hjuldamparane var serleg eigna for grunne farvatn som til dømes elvar, då skovlehjula ikkje treng serleg djupne for å fungere, og difor kunne vere meir eigna enn propellar. Serleg vart dei store og grunne elvene i USA, som til dømes Mississippi, mykje trafikkert med hjuldamparar i si tid.

Den norske hjuldamparen DS «Skibladner», bygd i 1856 for trafikk på innsjøen Mjøsa, er den eldste hjuldamparen i verda som framleis går i rute, no til glede for sumarturistar. Men den fyrste hjuldamparen i Noreg var DS «Constitutionen», som vart kjøpt inn frå England i 1826 og gjekk i kystfart.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hjuldampar
Spire Denne transportartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk