Hn/Latin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sidor som ligg under «Hn» er skrivne på høgnorsk. Denne finst òg i gjeldande rettskriving — sjå «Latin».
Latin
Lingua Latina
Klassifisering Indo-europeisk
 Italisk
  Latin
Bruk
Tala i Romarriket
Område Romarriket
Latintalande i alt Utdøydd
Skriftsystem Latinsk
Offisiell status
Offisielt språk i Vatikanet
Normert av ingen
Språkkodar
ISO 639-1 lat
ISO 639-2 lat
ISO 639-3 lat

Latin høyrer til den italiske greini av indoeuropeiske mål. Upphavleg vart latin tala av latinarane, eit bonde- og gjætarfolk i umrådet Latium, der Roma vart den førande byen. Med nye landvinningar breidde latinen seg utyver Italia, og sidan til mange av umrådi kring Millomhavet. Dei eldre måli der vart trengde ut, og latinen lìver vidare i dei romanske måli i dag. Etter at Romarriket braut saman, var latin gjenom heile millomalderen og langt fram i nyare tid lingua franca for dei lærde i Vest-Europa; som tradisjonsmål for Den katolske kyrkja er det framleis offisielt mål i Vatikanstaten. I nyare tid har latin - saman med græsk - vorte nytta til nylaga ord innan vitskap.

Trekk ved målet[endre | endre wikiteksten]

Latin er eit syntetisk mål, dvs. at bøygjingsendingar syner kva funksjon eit ord hev i setningi, medan ordstillingi er rimeleg fri. Substantiv vert delte inn i fem deklinasjonar, og bøygde i tal (eintal og mangtal) og fall (nemnefall, vokativ, underfall, eigefall, sidefall og ablativ). Adjektiv og pronomen samsvarar i kyn, tal og fall med substantivi dei stend til. Verbi vert delte inn i fire konjugasjonar, med eigne endingar for kvar person i eintal og mangtal. I motsetnad til norsk, som berre har tvo finitte tempi, nyttar latin langt færre hjelpeverb.

Latin som talemål[endre | endre wikiteksten]

Den latinen som vart tala i Romarriket vert kalla Vulgærlatin, og var ikkje identisk med målet som Cicero, Cæsar og andre forfattarar nytta. Med tidi uppstod regionale skilnader, og me fekk dei moderne romanske måli. Dei fyrste grammatikkane for moderne romanske mål var for provençalsk og katalansk, skrivne på 1200-talet. Jamsides med denne utviklingi, heldt dei lærde fram med å nytta latin i skrift og tala. Uttala av latinen fylgde helst dei nasjonale måli, og samsvara ikkje med klassisk latin.

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.