Hn/UFO

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sidor som ligg under «Hn» er skrivne på høgnorsk. Denne finst òg i gjeldande rettskriving — sjå «UFO».
UFO i Brasil.

UFO er eit Uidentifisera Fljugande Objekt. Ordet vart upphavleg nøytt um objekt som enno ikkje var identifisera, men hev i det seinare nær sagt vorte ein samtyding til fartyi åt romvesen.

Dagsens nyfikna etter UFO-ar byrja etter at Kenneth Arnold hevda å ha sét ein «fljugande tallerk» 24. juni 1947 i nærleiken av Mount Rainier i Washington. Sidan dét hev UFO-ane vore ei kjelda til segner, songar, bøker, filmar og dokumentarar i hopetal.

Under ei meiningsmåling i Sambandsstatane i 1996 kom det fram at 71 % av alle amerikanarar trudde at styremaktene deira heldt informasjon um UFO-ar burte frå ålmenta.

I Noreg høyrer me med ujamne millomrom gjetord og segner um at folk sjølve hev sét elder på onnor vis havt med UFO-ar å gjera. Døme på dét er UFO-ringen på Espevær og nattljosi i Hessdalen.

Peikar[endre | endre wikiteksten]

http://www.ufo.no Arkivert 2011-05-15 ved Wayback Machine. - UFO Norge, organisasjon som samlar inn observasjonar i Noreg

‎‎