Hobøl asylmottak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hobøl asylmottak , eller Hobøl statlige asylmottak er det einaste asylmottaket i Aust-Norge med ei Tilrettelagt Avdeling, TA (tidligare kalt "forsterka avdeling"). Denne type avdelingar blei første gong oppretta i 2005 ved 4 asylmottak i Norge. TA skal vere eit tilbod for asylsøkarar med psykiske lidingar eller med andre problem av psykososial og atferdsmessig karakter. Det dreier seg om personar som ofte har problem med å fungere tilfredsstillande i ordinære mottak og som har trong for god rettleiing og tett psykososial hjelp og oppfølging. Alle plassane i TA er nasjonale, dvs. det kan søkast om plass i TA frå asyl- eller transittmottak over heile landet. TA har døgnbemanning. Hobøl mottak med TA har 24 tilsette med sosial- og helsefagleg utdanning og mange års relevant erfaring innan dette fagfeltet. TA arbeider tett med primær- og spesialisthelsetenesta, ulike tenester i Hobøl kommune, lokalt politi, lokale lag og organisasjonar mm. Hobøl mottak har 2 avdelingar – ei ordinær avdeling med 130 plassar og TA med 20 plassar. Driftsansvarleg for mottaket er Ostra Consult AS.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]