Hoboken-Verzeichnis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hoboken-Verzeichnis er det mest brukte namnet på katalogiseringa av verka av Joseph Haydn. Verka blir fyrst kategorisert etter type (romartal), og så kronologisk (arabiske tal). Katalogen har fått namn etter opphavsmannen, den nederlandske musikkvitaren Antony van Hoboken, og var ferdig i 1957.

Hob. Kategoriar
I Symfoniar (1-108)
Ia Ouverturar (1-16)
II Divertimenti med fire eller fleire stemmer (1-47)
III Strykekvartettar (1-83b)
IV Divertimenti med tre stemmer (1-11)
V Stryketrioar (1-21)
VI Ymse duettar (1-6)
VII Konsertar
VIII Marsjar (1-7)
IX Dansar (1-29)
X Ymse verk for baryton (1-12)
XI Trioar for baryton, fiolin/bratsj og cello (1-126)
XII Barytonduettar (1-25)
XIII Konsertar for baryton (1-3)
XIV Divertimenti med piano (1-13)
XV Trioar for piano, fiolin eller fløyte og cello (1-40)
XVa Klaverduettar
XVI Klaversonatar (1-52)
XVII Ymse klaververk (1-12)
XVIIa Firehendte klaververk (1-2)
XVIII Klaverkonsertar (1-11)
XIX Verk for mekanisk klokke (Flötenuhr) (1-32)
XX Arrangement av Jesu sju siste ord på krossen
XXa Stabat Mater
XXI Oratorium (1-3)
XXII Messer (1-14)
XXIII Ymse relegiøse verk
XXIV Joseph Haydn sine kantater og frittståande ariar
XXV To, tre og firestemde songar
XXVI Songar og kantater med klaver
XXVII Kanonar (Religiøse 1-10; Sekulære 1-47)
XXVIII Operaer (1-13)
XXIX Marionettoperaer (Singspiele)
XXX Scenemusikk
XXXI Arrangement av skotske (273) and walisiske (60) folkesongar

For dei fleste av desse kategoriane nyttar ein nummera frå Hoboken-katalogen. Unntaket er strykekvartettane; Desse blei gjevne ut med opusnummer medan Haydn enno var i live, og trass i at dei har Hoboken-nummer nyttar ein seg vanlegvis av opus-nummera i staden. Dette er og høve for ein del andre verk, til dømes klavertrioane, men her har opus-nummera verte fortrengt til fordel for Hoboken-nummereringa. Konsertar og symfoniar blir gjerne omtala etter nummer som ofte (men ikkje alltid) stemmer over eins med Hoboken-katalogen (Til dømes har to symfoniar som har dukka opp etter Hoboken-katalogen fyrst blei kompilert fått namna A og B, men er samtidig omtala som Hob 1/107 og 108).