Hochfernerspitze

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hochfernerspitze
Hochfernerspitze
Hochfernerspitze
Høgd over havet 3 463 m
Ligg i/på Italia Italia
Fjellkjede Zillertalalpane
Koordinatar 46°58′44″N 11°43′1″EKoordinatar: 46°58′44″N 11°43′1″E
Førsteklatring 1878

Hochfernerspitze er ein 3 463 meter over havet høg fjelltopp i Zillertalalpane, i provinsen Bolzano i Italia. Fjelltoppen er den fjerde høgste i Zillertalalpane. Landegrensa mellom Austerrike og Italia går 500 meter nordaust for toppen langs ei lågare egg.

Hochfernerspitze er, saman med Hochfeiler, den høgste toppen i Zillertalalpane, i søraust, og Hintere Weißspitze i sørvest, del i eit veldig fjellmassiv. Nordvestsida av fjellet, som er opptil 70° bratt, er eit mektig syn med sine hengebrear. Opp nordveggen går ein av dei klassiske klatreturane på is.

Filosofi-professoren og fjellmannen Rudolf Seyerlen frå Jena vart fyrst på Hochfernerspitze då han 8. august 1878 klatra til topps i lag med fjellførarane Stephan Kirchler og Hans Stabeler frå landsbyen Sand in Taufers.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]