Hoeggen kyrkje
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Hoeggen kyrkje | ||
| Generelt | ||
| Kyrkjesamfunn: | ||
| Bispedøme: | Nidaros | |
| Prosti: | Strinda | |
| Fellesråd: | Trondheim | |
| Sokn: | Hoeggen | |
| Innvigd: | 12. oktober 1997 | |
| Kyrkjegard: | ingen | |
| Arkitektur | ||
| Kyrkjerommet | ||
| Hoeggen kyrkje på Commons | ||
Hoeggen kyrkje eller Hoeggenkyrkja er ei kyrkje frå 1997 på Hoeggen i Lerkendal bydel i Trondheim kommune, Sør-Trøndelag fylke. Kyrkja vart bygd til byjubileet i 1997 og vart vigsla 12. oktober det året. Kyrkja har inge kyrkjegard.
Tidlegare var det ikkje kyrkje på Hoeggen og dei som sokna til kyrkja gjekk til Strinda kyrkje.
Kyrkjebygget [endre]
Kyrkja er teikna av Arkitektkontoret Madsø & Sveen i Trondheim, som òg har teikna Herøy kyrkje på Sunnmøre og Grymyr kyrkje på Hadeland.
Inventar [endre]
Alterbildet er ein fargerik glassmosaikk laga av Synva Tufte frå Horten, som vann ein idékonkurranse om alterbildet. Pipeorgelet er på 17 stemmer og har ein romantisk klang og er slik eit godt tilskott til orgellandskapet i Trondheim.