Hoeksche Waard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plasseringa i Nederland

Hoeksche Waard er ei øy mellom elvane Oude Maas, Dordtsche Kil, Hollands Diep, Haringvliet og Spui i provinsen Zuid-Holland i Nederland. Øya er stort sett ein jordbruksregion og ligg sør for Rotterdam. Hoeksche Waard består av oppdemde område (polderar) og etter St. Elizabeth-flaumen i 1421 vart det meste av området overfløymd og området har vorte gradvis tørrlagt ved hjelp av dike dei siste hundreåra.

Hoeksche Waard består av kommunane:

  • Binnenmaas (landsbyane Blaaksedijk, Heinenoord, Maasdam, Mijnsheerenland, Puttershoek, Westmaas og 's-Gravendeel)
  • Cromstrijen (landsbyane Klaaswaal og Numansdorp)
  • Korendijk (landsbyane Goudswaard, Nieuw-Beijerland, Piershil og Zuid-Beijerland)
  • Oud-Beijerland
  • Strijen (landsbyane Cillaarshoek, Mookhoek, Strijen og Strijensas)

Hoeksche Waard grensar til:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]