Hogback

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hogbackar (gravsteinar av svineryggtypen) oppstilt samla i Penrith i Cumbria i Nordvest-England.
Hogbackar funne i fundamenta til kyrkja St Mary i Gosforth, der den vidgjetne Gosforthkrossen står på kyrkjegarden.
Ein hogback av skotsk type funne i kyrkja i Dalserf i Skottland i 1897.

Hogback ('svinerygg' eller 'griserygg') er den engelske arkeologiske nemninga på ein type låge, avlange og dekorerte steinskulpturar som vert tidfesta til tida frå nihundretalet til ellevehundretalet og finst i England, Skottland, Orknøyane og på Shetland, og dessutan éin i Irland (Conty Kildare). Namnet hogback, 'svinerygg', har desse monumenta fått på grunn av den utprega svineryggliknande forma som er så typisk for hovudparten av dei.

Så godt som ingen av hogbackane er funne på sine opphavlege plassar. Ein reknar med at hogbackane har vore gravsteinar for folk av skandinavisk opphav og med høg posisjon i samfunnet, ettersom dei er å finne i dei områda av noverande Storbritannia som har vore under nordisk kontroll eller som har hatt ei sterk innvandring folk som ætta frå Norden. På grunnlag av samanlikningar med spor og restar etter hus, meiner ein òg at det er likskap mellom forma på desse monumenta og den typiske forma på dei husa som vart bygde av innvandrarar av nordisk ætt. I kyrkja St Mary (Mariakyrkja) i Gosforth i Cumbria, der det attmed kyrkja står ein høgkross med relieffbilete som ein reknar med syner scener frå norrøn mytologi, er det sett opp eit par hogbackar som låg i murverket og kom for dagen under ei restaurering av kyrkja på 1800-talet. Det er òg sett opp eit fragment av eit steinmonument som syner ei scene som er identifisert som guden Tor som freistar fiske Midgardsormen.

Dei største samlingane av hogbackar er å sjå i kyrkjene i Brampton i Yorkshire og Govan i Glasgow.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bailey, R. N. 1980. Viking Age Sculpture in Northern England, London: Collins Archaeology ISBN 0-00-216228-8
  • Lang, James T. 2001. Corpus of Anglo-Saxon Stone Sculpture: Northern Yorkshire. Oxford University Press. ISBN 0-19-726256-2.
  • Cramp, Rosemary; Bailey, Richard N. 1988. Corpus of Anglo-Saxon stone sculpture in England: General introduction. Cumberland, Westmorland and LancashireNorth-of-the-Sands. Oxford University Press. ISBN 0-19-726036-5 (skildrar og diskuterer mellom anna Gosforthkrossen og hogbackane i kyrkja)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]