Hogland

Koordinatar: 60°04′N 27°00′E / 60.067°N 27.000°E / 60.067; 27.000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hogland
øy
Land  Russland
Areal 21 km²
Folketal 50
Kart
Hogland
60°04′00″N 27°00′00″E / 60.066666666667°N 27°E / 60.066666666667; 27
Wikimedia Commons: Hogland
Kart over Hogland. Ekvidistansen er 30 m.

Hogland (russisk Гогланд, Gogland finsk Suursaari[1]) er ei øy i Finskebukta i Austersjøen, om lag 180 km vest for St. Petersburg og 35 km frå kysten av Finland (nær Kotka). Øya er ein del av Leningrad oblast i Russland. Hogland har eit areal på om lag 21 km² og det høgaste punktet er 173 meter over havet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hogland har vore busett av finnar så lenge det har vore kjende busetnader her, minst sidan 1500-talet. Under den store nordiske krigen fann eit sjøslag stad nær øya 22. juli 1713, og i 1788 fann slaget ved Hogland stad mellom den russiske og svenske marinen.

Etter den finske krigen vart Hogland ein del av Det russiske riket og ein del av det nyoppretta Storthertugdømet Finland som fekk sjølvstende frå Russland i 1917. Dei fleste innbyggjarane levde i to fiskelandsbyar administrert frå Viborg.

Under vinterkrigen vart innbyggjarane evakuert og øya kom inn under Sovjetunionen. Sidan den gong har trelandsbyen Suurkylä (russisk Суркюля, Surkjulja) vorte jamna med jorda og erstatta av moderne bygnigar, kanskje for ein fiske-kolkhoz, samt nokre militære fasilitetar. I dag lever om lag 50 innbyggjarar på øya.

Mot slutten av krigen etter Finland gjorde fred med Sovjetunionen, prøvde tyskarane å invadere øya i Operasjon Tanne Ost. Finske troppar hindra tysk invasjon og halvparten av dei tyske soldatane vart tekne som krigsfangar. Like etter kom øya igjen under Sovjetunionen.

Landemerke[endre | endre wikiteksten]

Hogland sett frå Kotka.

Øya er kjend for det kuperte terrenget med fem innsjøar. Sidan 1826 har åsen Mäkiinpäällys hatt to av dei geodetiske punkta langs struvemeridianen.[2] Like utanfor øya ligg to kjende skipsvrak. Mannskapet på den tremasta klipperen «Amerika», som forliste nær kysten i oktober 1856 ligg gravlagd på ein gammal finsk gravplass. Det første fyret på øya vart bygd i 1807, men det eldste som framleis er i drift er frå 1904. Hogland har ein aukande turistindustri med turistar hovudsakleg frå St. Petersburg, men og noko frå Finland.

I 2006 erklærte russiske styresmakter Hogland for «grenseområde», som tyder at utanlandske personar ikkje kan reise til øya utan spesiell løyve. Dette avgrener turismen til små grupper, berre ei gruppe om gongen, samt mykje byråkratiske førebuingar.

Ein av dei aller første radiokontaktane fann stad på Hogland den 6. februar 1900 under leiing av Aleksander Popov.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. svensk Hogland; estisk Suursaar, tysk Hochland
  2. Struvemeridianen (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 10. juni 2011, henta 10. juni 2011 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

60°04′N 27°00′E / 60.067°N 27.000°E / 60.067; 27.000