Hogne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hogne eller Ågne er mannsnamn som har vore brukt i Noreg sidan 500-talet. Den norrøne forma av namnet er Hǫgni eller Högni. Namnet er i bruk på Færøyane som Høgni.

Hogne har norsk namnedag den 17. november. I 2008 var det 363 norske menn som hadde Hogne som første førenamnet (SSB). 5 heitte Ågne og 8 Høgni.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Litterær bruk[endre | endre wikiteksten]

Hogne er nemnd fleire gonger i norrøn sagalitteratur.

  • Hogne (norr. Högni) er ei kjempe i Hjadningekampen (Hjaðningavíg) som er far til Hild.
  • Hogne Gjukesson (norr. Högní Gjúkisson) er nemnd i Den eldre Edda, Skáldskaparmál og Völsungasaga, der han er bror til helten Gunnar. Han svarer til Hagen i Nibelungenlied.
  • Hogne er ein konge som kjempar mot kong Ingjald i Ynglingesoga. Han kan vera den same som Hogne Gjukesson.

Annan bruk[endre | endre wikiteksten]

Stadnamnet Hognestad i Time er avleidd frå Hogne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]