Hoher Dachstein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 47°28′32.5″N 13°36′23.2″E
Hoher Dachstein
fjell
none  Hoher Dachstein frå nordvest med Vorderer Gosausee i føregrunnen
Hoher Dachstein frå nordvest med Vorderer Gosausee i føregrunnen
Land Flag of Austria.svg Austerrike
Region Oberösterreich og Steiermark
Fjellkjede Dei nordlege kalksteinsalpane
høgd 2 995 moh
skardhøgd 2 136 m
koordinatar 47°28′32.5″N 13°36′23.2″E
Geologi Kalkstein
Periode Trias
Førstestiging av Peter Gappmayr
 - dato 1832
Austria location map.svg
Locator Red.svg

Hoher Dachstein er eit karstfjell i Austerrike, og det nest høgaste fjellet i Dei nordlege kalksteinsalpane. Det ligg på grensa mellom delstatane Oberösterreich og Steiermark sentralt i Austerrike, og er det høgaste punktet til desse delstatane. Delar av massivet ligg og i delstaten Salzburg, og fjellet vert derfor stundom kalla Drei-Länder-Berg («trestatsfjellet»). Dachsteinmassivet dekkjer eit område på rundt 20×30 km med fleire fjelltoppar over 2 500 m, og dei høgaste ligg mot sør og sørvest. Sett frå nord er Dachsteinmassivet dominert av isbrear med steinete toppar som stig opp bak dei. Mot sør går fjellet derimot nesten vertikalt ned mot dalen nedanfor.

Geologien til Dachsteinmassivet er dominert av såkalla Dachstein-kalk, som kjem frå trias-perioden. Som i andre karstområde, så finn ein fleire holesystem, inkludert nokre av dei største holene i Austerrike, slik som Mammuthhöhle og Hirlatzhöhle. Dachstein er kjend for fossilane ein har funne her, som vert kalla Kuhtritte («kufotspor»).

Det er ikkje vanleg med isbrear i Dei nordlege kalksteinsalpane, og dei ein finn i Dachstein, Hallstätter Gletscher, Großer Gosaugletscher og Schladminger Gletscher er dei største, i tillegg til dei nordlegaste og austlegaste i heile Alpane. Ein finn òg fleire mindre isfelt her, som Kleine Gosaugletscher og Schneelochgletscher. Isbreane trekkjer seg sakte, men sikkert tilbake, og kan vere heilt borte innan 80 år. Hallstatt-isbreen trekte seg tilbake 20 meter berre i 2003.

Toppen av fjellet vart først nådd i 1832 av Peter Gappmayr, via Gosaubreen. Tidlegare hadde Erzherzog Karl mislykka etter å ha prøvd og nå opp via Hallstätterbreen. To år etter at Gappmayr nådde toppen vart det reist eit trekors her. Den første personen som nådde toppen om vinteren var Friedrich Simony 14. januar 1847. Den bratte sørsida av fjellet vart først klatra opp 22. september 1909 av brørne Irg og Franz Steiner.

Som det høgaste punktet i to forskjellige delstatar, er toppen eit populært turistmål både om sommaren og vinteren. I fint vêr kan så mykje som 100 klatrarar prøve å klatre opp samtidig, noko som stundom fører til opphoping i enkelte parti av klatreruta.

Området er òg ein del av Verdsarv-lista.

Panorama av Dachsteinmassivet