Hokksund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hokksund
Land  Noreg
Fylke Buskerud
Kommune Øvre Eiker
Folketal 8 138 (2017)[1]
Kart
Hokksund
59°46′15″N 9°54′36″E / 59.7707667°N 9.9098667°E / 59.7707667; 9.9098667
Wikimedia Commons: Hokksund

Hokksund (lokalt Høks-sund, d.e. Haugssund) er eit tettbygd strøk og kommunesenter i Øvre Eiker kommune i Buskerud, som høyrer til under tettstaden Drammen. Staden er utbygd på båe sider av Drammenselva. Over 8000 av dei 15600 ibuarane i kommunen bur her. Det er kome til mange nye bustadområde i utkanten, t.d. Frognes, Semsmoen, Loesmoen og Ullernåsen. Kommunestyret gav Hokksund bystatus den 1. januar 2002.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hokksund heitte «Haugsund» fram til 1920. Det skapte mykje ugreie at namnet likna på Haugesund, spesielt for postverket. Difor vedtok departementet at staden skulle heite Hokksund, trass i sterke protestar frå heradsstyre og lokalbefolkninga som heller ville ha namnet Eiker.

Hokksund har vakse fram på båe sider av Drammenselva. Ferdafolk som skulle til Hallingdal og Numedal frå Oslo eller Drammen måtte passere Hokksund, og dei som skulle til Kongsberg måtte krysse elva. Dei vart rodde over av sundmenn. Da det vart funne sølv i Kongsberg i 1623 avgjorde kongen at det skulle byggast køyreveg mellom Kongsberg og Hokksund, og vidare til Drammen og Oslo. Vegstrekka Kongsberg-Hokksund vart såleis Noregs første køyreveg. I 1866 kom også jernbanen dit. Ved Hokksund stasjon skil Bergensbanen og Sørlandsbanen lag.

Jernbanen gav arbeid til mange og var også viktig for utviklinga av det lokale næringslivet. Fleire bedrifter la jernbaneskinner inn på tomta si. Drammenselva vart dessutan brukt til tømmerfløyting ned mot Drammen, der det var vidare utskiping. Det var også ein del passasjertrafikk med båt mellom Hokksund og Drammen i gamle dagar.

Ting å sjå[endre | endre wikiteksten]

Hokksund ligg ved Hellefossen i Drammenselva, og det er ein populær stad for laksefiske. Alt på 1200-talet vart det klaga over at bøndene under Hellefoss hindra laksen i å gå opp elva. Dei skal ha brukt ein mæle som hindra laksen i å gå opp straumen, så han i staden gleid tilbake i mæla (kum). Der vart han så fanga.

Nøstetangen glassverk var i drift her frå 1741 til 1777. Nøstetangenglas er kjent for den høge kvaliteten og den kunstneriske utforminga. Ein glaspokal frå dette verket vart betalt med 2,2 mill. kroner for få år sidan. Lysekronene i Kongsberg kyrkje er blant dei mest kjende arbeida derfrå. Nøstetangen museum ved den gamle sorenskrivargarden viser hossen produksjonen var, og det vert no laga glas etter gammal tradisjon i glashytta like ved.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://snl.no/Hokksund.
  2. 2,0 2,1 2,2 «Tettsteders befolkning og areal» (på bokmål). Henta 19. desember 2023.