Hola mohalla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fellesmåltid i ein gurudvara i Spania i 2004.

Hola mohalla er ei sikh-høgtid som tek til ved byrjinga av månaden chet, den første i nanaksjahi-kalenderen. Dette fell som regel i mars i den gregorianske kalenderen. Hola mohalla kjem like etter holi-høgtida, og namnet «hola» er ei maskulin form av ordet «holi». «Mohalla» tyder noko slikt som militærparade.

Akali-sikhar måla rundt 1850.

Feiringa går over tre dagar. Ho blei grunnlagd av guru Gobind Singh som ei samling der sikhar kunne trena kampdugleik på ei tid då religionen var truga av dei muslimske mogulherskarane. Den første samlinga blei halden i Anandpur i 1701.

Hola mohalla byrjer med bøner og seremoniar rundt Guru Granth Sahib, den heilage boka til sikhane, ved ein gurudvara. Ein syng kirtan, religiøse songar, og signar mat, prasad, som alle får eta etterpå. Det blir også servert eit fellesmåltid i gurudvaraen. Medlemmene av gurudvaraen deltek med kar seva, teneste, som å servera mat, ta oppvasken eller reingjera gurudvaraen.

Ein viktig del av feiringa er kampsportoppvisingar haldne av sikh-krigarar kalla nihang, nishan eller akali. Desse kan til dømes visa fram sverdkamp, pilskyting, hesteriding eller andre kampferdigheiter. Under oppvisinga blir det kasta raudfarge mellom nishan sahib og tilskodarane.

Etter dette kan ein høyra på forteljingar om sikh-guruane. Det kan også haldast diktopplesingar, konsertar og danseførestillingar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]