Holandsfjorden

Koordinatar: 66°42′15.674″N 13°35′11.958″E / 66.70435389°N 13.58665500°E / 66.70435389; 13.58665500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

66°42′15.674″N 13°35′11.958″E / 66.70435389°N 13.58665500°E / 66.70435389; 13.58665500 Holandsfjorden er ein norsk fjord i sørlege delen av MeløyHelgeland i Nordland fylke. Lengda er 22 km frå Forøy til Kilvik. Fjorden er i dag mest kjend som tilkomstlei til Engenbreen, ein brearm til Svartisen. Engenbreen er eit mål for turistar gjennom heile året. I dag har fjorden lite å seie kommunikasjonsmessig utanom turismen, men han var tidlegare ei viktig ferdselsåre mellom mange små grender langsetter fjorden og gruvesamfunnet Rendalsvik. Den ytre delen av Holandsfjorden blir kalla Arhaugfjorden og munnar ut i Skardsfjorden, mens den indre delen blir kalla Nordfjorden. Nordfjorden botnar i Kilvik der Svartisen kraftverk ligg og Svartistunnelen frå Fykan munnar ut. Nordfjorden blir delvis islagd i periodar kvar vinter. På grunn av ekstra tilførsel av ferskvatn frå kraftstasjonen har vanskar med is auka etter at produksjonen ved kraftverket starta i 1993, og ein sjeldan gong blir heile Holandsfjorden islagd.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

  • Fylkesveg 17, kystriksvegen, følgjer nordsida av fjorden frå Kilvik til Forøy (Æsøy) og kryssar Arhaugfjorden i ferjesambandet mellom Ågskaret og Æsøy.
  • Dagleg båtrute kryssar fjorden mellom Holand og Engen (Svartisen).
  • Hurtigruta, på strekninga NesnaØrnesBodø, tilbyr dagleg utflukt med båt frå Skardsfjorden inn til Engen, deretter tur til brekanten og buss langs Fylkesveg 17 frå Holand til Bodø.
  • Uregelmessige besøk av store og små turistskip inn Holandsfjord til Engen.
Kartskisse med omriss av sjøkant og Svartisen