Holbæk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Holbæk
Kjøpstadseglet
Kjøpstadseglet
Styresmakter
Land
Region
Danmark
Region Sjælland
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2008)

26 267
Koordinatar 55°42′58″N 11°42′49″EKoordinatar: 55°42′58″N 11°42′49″E
Diverse anna
Heimeside: Kommunal heimeside
Gamle hus ved Holbæk Museum
Sankt Nikolai Kyrkje i Holbæk

Holbæk er ein by på Sjælland i Danmark om lag 60 kilometer frå hovudstaden København. Med 26.267 innbyggjarar (2008) [1] er det den største byen på Nordvestsjælland. Holbæk har vakse opp kring det tidlegare Holbæk Slott som blei grunnlagt i 1236 av Valdemar Siger. Byen fekk kjøpstadsrett i 1287. Det er to teoriar om opphavet til namnet Holbæk; anten er det ei omskriving av "den hule bæk" (holebekken på norsk) som skal referere til ein bekk som i mellomalderen hadde fàr gjennom byen. Namnet kan òg kome av "Den hellige bæk" (den heilage bekken). Vest for hamna finst det ein liten bekk med namnet Hulbæk.

I dag er Holbæk ein moderne by og eit viktig handelssentrum på Sjælland. Eit karaktertrekk ved staden er det vakre lægje ved sjøen og dei mange hyggelege kafeane, i tillegg har byen framleis eit mellomalderleg gatenett i bykjerna. Byen er administrasjonsstad i Holbæk Kommune og høyrer til Region Sjælland. Der er gode kommunikasjonssamband til København og Roskilde, både via motorveg og jarnbane. Ein stor del av innbyggjarane er pendlarar til storbyane i kring. Vest for byen ligg Odsherred kommune med jarnbanesamband mellom anna til Nykøbing. Frå ca. 1980 har Holbæk vore ein av dei raskast veksande byane i Danmark.

Innhaldsliste

[endre] Attraksjonar

  • Holbæk Museum
  • Sankt Nikolai Kyrkje (sjå bilete)
  • Tveje Merløse Kyrkje, steinkyrkje frå 1100-talet.
  • Holbæk Gamle Havn og Holbæk Skibsværft
  • Andelslandsbyen Nyvang. På Oldvejen søraust for Holbæk er eit levande museum frå 1880-1950 fylt med aktivitetar og utstillingar.
  • Danmarks Vej- og Bromuseum
  • Holbæk Kunstforening Æglageret er eit galleri med skiftande udstillingar, innretta i eit tidlegare egglager
  • Danmarks Ægmuseum er opretta i kjelleren under Holbæk Kunstforenings utstyillingslokale i Egglageret

[endre] Musikk og teater

  • Musikhus Elværket
  • Holbæk Teater
  • Teatret Fair Play

[endre] Attraksjonar i omlandet

  • Museet Ourø Minder
  • Jernløse Mølle
  • Skamstrup Mølle
  • Torbenfeldt Smedemuseum
  • Buerup Træskomuseum

[endre] Nokre bilete frå Holbæk

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Kjelder

  1. Nyt fra Danmarks Statistik - tabel 2
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk