Hold Me av Fərid Məmmədov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Hold Me»
Eurovision Song Contest 2013
Land Aserbajdsjan
Artist(ar) Fərid Məmmədov
Språk Engelsk
Komponist(ar) Dimítris Kontópoulos
Låtskrivar(ar) John Ballard og Ralph Charlie al-Fahel
Resultat
Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest
«When the Music Dies»
(2012)
«Hold Me»

«Hold Me» (engelsk for 'Hald meg') var det aserbajdsjanske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på engelsk av Fərid Məmmədov. Songen er skriven av Dimítris Kontópoulos, John Ballard og Ralph Charlie al-Fahel.

Milli Seçim Turu 2013[endre | endre wikiteksten]

79 artistar deltok i til saman åtte ulike semifinalar i Milli Seçim Turu 2013, der dei song ulike songar. Éin deltakar gjekk vidare frå kvar av dei seks fyrste semifinalane, medan to gjekk vidare frå dei to siste. Məmmədov vart fyrst vald ut til å delta i den sjette semifinalen. Då han gjekk vidare til finalen deltok han med «Hold Me». Vinnaren vart vald ut av ein jury og gjennom telefonrøysting.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Songen starta som nummer ni, etter «Lovely King» av Ravana Aliyeva og før «Sleazy Mo» av Aysel Babayeva. Bidraget vann og får representere Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest 2013.

Eurovision Song Contest 2013[endre | endre wikiteksten]

Sidan berre Frankrike, Italia, Spania, Storbritannia og Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige er direktekvalifisert til finalen må kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Aserbajdsjan vart vald ut til å delta i den andre semifinalen 16. mai 2013 i Malmö Arena.

Semifinale 2[endre | endre wikiteksten]

Songen vil starte som nummer fire, etter Makedonia med «Pred da se razdeni» av Esma og Lozano og før Finland med «Marry Me» av Krista Siegfrids.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]