Holevik skule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Holevik skule
Grunnlagd1916
Nedlagd1956
Region/fylkeVestland
KommuneAskvoll
StadStongfjorden
Adresse6984 Stongfjorden

Holevik skule var ein skule i Askvoll kommune frå 1916 til 1956.[1] Han ligg i Holevik, nær Stavenes, ytst i Stongfjorden.[2] Skulen er i dag museum og er ått av Kystmuseet i Florø.[3] Inne er det no plassert utstyr frå Den andre verdskrigen; mellom anna eit hakekrossflagg, ei flyvengje og andre flydelar, sjøkart, radioar og ein straumaggregator brukt på Stavenes av agentane.[3] I tillegg står pultane framleis att frå tiden då bygget vart brukt som skule.[3]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Askvoll kommune. Holevik skule». Arkivportalen. Henta 18. oktober 2014. 
  2. «Holevik skule, Staveneset i Askvoll». origo. Henta 18. oktober 2014. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Gaute Losnegård (2001). «Spennande historie i nedlagt skulestove». Fylkesarkivet. Henta 18. oktober 2014.