Hollandsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hollandsk vert snakka i det raude området merkt med tala 3–9

Hollandsk (nederlandsk Hollands) er ein nederlandsk dialekt. Han blir snakka i dei vestlege delane av Nederland, hovudsakleg i provinsane Noord-Holland og Zuid-Holland. I Noord-Holland er dei hollandske dialektane prega av det frisiske språket, som opphavleg var det dominerande språket i området, men som sidan har mista statusen sin til fordel for den hollandske dialekten. Standardnederlandsk vart til på 1600-talet, og dei hollandske og brabantske dialektane leverte dei viktigaste bidraga.

Fordi provinsen Holland (no delt i Noord-Holland og Zuid-Holland) vart det leiande politiske og kulturelle senteret i den nye nord-nederlandske staten som vart danna etter oppstanden mot det spanske regimet, vert «hollandsk» ofte nytta einstydande med nederlandsk.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]