Holly Madison
Holly Madison (fødd 23. desember 1979) er ein amerikansk modell, skodespelar og fjernsynspersonlegdom. Ho er best kjend for å ha delteke i reality-serien The Girls Next Door.
[endre] Familie
Madison vart fødd i Astoria i Oregon, og er den eldste av tre sysken. Faren reiste rundt på grunn av tømmerarbeid, og frå ho var to til elleve, budde ho difor i Alaska. Familien hennar flytte deretter heim til Oregon.
[endre] Karriere
I 1999 flytte Madison til Los Angeles. Ho vart lagt merke til og tok til å motta invitasjonar til Playboy Mansion. Etter å ha vitja herskapshuset i meir enn eit år vart Madison invitert til å bu der. Ho vart ein av dei sju offisielle kjærastane til Hugh Hefner i august 2001.
Madison vart i 2005 vist på framsida av, og inne i nummeret av tidsskriftet Playboy, for å fremje serien The Girls Next Door. Ho vart framsidejente på nytt i september 2006, mars 2008 og februar 2009-utgåvene av Playboy.
Madison er ein dyreelskar og byrja å skrive artiklar om dyr i 2006 for tidsskrifta til ein ven. I april 2007 var Madison avbilda naken i ein anti-pels annonse frå PETA.
Madison er også stjerne i sin eigen reality-serie med namnet Holly's World. Serien hadde opphavleg tittelen Planet Holly, og dreier seg om livet hennar på Planet Hollywood i Las Vegas.