Holm of Faray

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Holm of Faray er ei lita øy i Orknøyane, nær Faray og Westray, som ho ligg mellom. I lag med naboøya Faray, har ho status som Site of Special Scientific Interest fordi mange gråsel føder kvalpane sine her.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Holm of Faray består av raud sandstein.[2]. Øya er i røynda eit framhald av Faray, men mellom dei ligg Lavey Sound. Det høgaste punktet på øya ligg 16 meter over havet.

Øya ligg på vestsida av Sound of Faray, og på andre sida ligg den vesle Red Holm og North Ayre på Eday som ligg 1,9 km unna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sites of Special Scientific Interest». Orkney Islands Council. http://www.orkney.gov.uk/nqcontent.cfm?a_id=9924#nav11. Henta 14. mars 2010. 
  2. Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.

Koordinatar: 59°14′2″N 2°49′45″W