Holmedal kyrkje i Sunnfjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 61°21′32″N 5°11′14″E

Holmedal kyrkje
Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Bjørgvin
Prosti:  Sunnfjord
Prestegjeld:  Askvoll
Fellesråd:  Askvoll
Sokn:  Askvoll
Innvigd:  24. november 1868
Kyrkjegard:  Ved kyrkja
Arkitektur
Type:  Langkyrkje
Arkitekt:  Christian Christie[1]
Materiale:  Tre
Tårn:  Vesttårn
Skip:  Midtskip, to sideskip[1]
Kyrkjerommet
Altartavle:  Frå ca. 1620
Plassar:  432

Holmedal kyrkje er teikna av Christian Christie og vart bygd i 1868. Kyrja står i Holmedal, ei grend i Askvoll kommune i Sunnfjord.

«Som De vil se er Skibet delt i tre Dele, et høiere Midparti i hvilket alle Vinduerne anbringes, og to lavere Sidepartier Hvorved blir saavel Tag som Vegfladerne mindre. Hvorved Stormen faar mindre Husmasse at virke paa. De høit oppe paa Væggene anbrakte Vindues Rækker give Kirken et sterkt Lys fra oven, hvilket ogsaa bidrager til at give det hele et mer kirkeligt og ophøiet Præg.»

Brev frå Christie i 1866.

Kyrkja høyrer til Askvoll sokn i Sunnfjord prosti i Den norske kyrkja. Fram til grensebrigdet mellom Askvoll og Fjaler kommunar i 1990 høyrde ho til Fjaler.

Innhaldsliste

[endre] Tavla

Tavla i kyrkja er frå ca. 1620 og er pryda med tre målte felt med bibelmotiv og bibelsitat. Ho vart flytt over frå den førre kyrkja som sto der frå ca. 1600.

[endre] Eldre kyrkjebygg

Kyrkja som no står i Holmedal er den tredje kyrkja som står der. Det har truleg stått ei stavkyrkje der frå 1200-talet, første gong nemnd i 1305. Den eldste kyrkjeklokka i kyrkja i dag kjem truleg frå denne kyrkja. Kring 1600 vart det bygd ei ny kyrkje med eit kyrkjeskip på 16 x 10 meter og med kor på 6 x 7 meter. Denne kyrkja skal ha vore rosemåla innvendes, men ho var skrøpeleg bygd og måtte fleire gonger rettast opp etter storm. Ho vart riven då den nye kyrkja vart bygd.

[endre] Sjå òg

[endre] Fotnotar

[endre] Bakgrunnsstoff


Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk